Vi beklager på det sterkaste, men etter at betalingsterminalen vår vart ordna etter to veker ute av drift, vart det ved ein feil sendt ut fakturaer frå Melin (leverandør av terminal). Dette skulle ikkje skje, og vi beklager på det sterkaste, men dette var altså utanfor vår kontroll. Ver venleg å IKKJE betale faktura om du har motteke frå MELIN. Melin har no retta opp i feilen, og har sletta fakturaer og skrive ut kreditnota. Dersom du har betalt vert beløpet refundert. Men om du mottek faktura frå Collectio derimot, så skal den betalast.

Betalingsterminalen er no i drift att: Melin medical beklager på det sterkaste at dette tok slik tid. Har du uteståande så stikk innom for betaling, på den måten slepp du gebyr på fakturering frå Collectio.

Fysioterapeut Gjøri Skjerdal har fast styrke & balansegruppe for dei over 65, onsdagar kl 11:00 – 12:00. Pris er 200kr. Reserver plass på www.https://kiropraktorenhjelperdeg.no eller ring oss 57 67 50 55.

Det vert faste Pilatesgrupper tysdagar kl 07:00-08:00 og onsdagar 15:30-16:30. Pris pr gong er 200,-kr. Reserver plass på www.kiropraktorenhjelperdegdeg.no eller ring oss 57 67 50 55.

Vi beklager, men yogalærar Magne-Bjarte Hatlem har valgt å avslutte yogatimane han har hatt på tysdagar. Vi er leie oss for det, men respekterer sjølvsagt avgjerdsla hans, og takkar så mykje for samarbeidet vi har hatt og innsatsen han har lagt ned.

Kiropraktorklinikken held stengt påskeveka (10.-17.april). Opnar att tysdag 18.april kl 09:00. Vi ynskjer alle våre pasientar og samarbeidspartar ei retteleg god påske !

Vi saknar så sårt bøker, isposar, strekkband, ryggbelte, tempurmadrass, og skumruller. Ver så snill å levere tilbake til oss, vi lovar at vi ikkje skal vere strenge sjølv om du har hatt dette i fleire år, vi vert berre glade for å få ting tilbake.

Klinikken held stengt fredag 24.februar grunna vinterferie.