Hallux valgus er ei feilstilling av storetåa slik at ho vert vridd utover i retning av vesletåa. Samtidig er storetåa sitt grunnledd skubba innover i retning av den andre foten. Trykk frå sko kan føre til ein kronisk irritasjon av slimposen (bursa) som ligg utanpå grunnleddet, og det kan over tid verte danna ein utvekst, ein «ilke» (eksostose), rundt grunnleddet slik at forfoten vert breiare. Skeivheita i storetåa (hallux valgus) kan også påverke dei næraste tærne, som kan verte krumma, såkalla hammartåstilling.
Hallux valgus er ein svært vanleg tilstand som ein ser langt oftare hjå kvinner og eldre. Studier har vist at 23 % av befolkinga mellom 18-65 år og 36 % av befolkningen over 65 år, har hallux valgus.
Årsak
Hallux valgus kan utvikle seg når belastninga på ledd, musklar og sener i føtene er ujamn. Denne ubalanen i trykk kan gjere grunnleddet i storetåa ustabilt, og føre til at ein utviklar ein «ilke» og ei skeiv tå.
Risikofaktorer:
- Høghela eller tronge sko
- Fottype
- Fotskader
- Medfødde deformiteter i føtene
- Ein jobb der ein belastar føtene mykje, eller må gå med spisse sko
Symptom
Typisk ser ein skeivheit i storetåa og sårheit over storetåa sitt grunnledd. Leddet hovnar opp og vert svært markert og utståande på innsida av foten, og det vert smertefullt og ømt. Endringane i foten kan gjere det vanskeleg å finne sko som passar godt på foten.