Årsak
Jumper’s knee / hoppekne er ein irritasjon patellarsena (sene som går fra kneskåla og ned til øvre del av leggbeinet) og er ein vanleg tilstand hos idrettsutøvarar og aktive mosjonistar. Smertene er lokalisert til senefestet ved den nedre kanten av kneskåla. I nokre tilfelle sit smertene derimot ovanfor kneskåla i senefestet til den store lårmuskelen som heiter Quadriceps. Dette vert kalla Quadriceps tendinopati.
Smertene kan starte på litt ulikt vis. Nokre får smerter etter eit hopp, ei landing eller eit løft. Andre opplever symptomstart etter ei hard treningsøkt eller ein fotballkamp, og hjå nokre kjem smertene meir gradvis. Årsaka til plager i patellar-/quadricepssena er som regel ei overbelastning av senevevet over tid, sjølv om den kan synast akutt. Rask auke i treningsbelastning, feilstillingar i fot (plattfot, overpronasjon), akseavvik mellom fot og kne, dårlig stabilitet i hofte, kne, fot, hardt underlag og dårlege sko er nokre av faktorane som kan gje overbelastning av sena.
Symptom:
Ved Jumper’s knee / hoppkne vil det ofte vere smerter ved springing, hopp og ved trykk mot senefestet. Jumper’s knee kan ein klassifisere på fylgjande måte:
GRAD | SYMPTOM |
I | Smerter etter trening |
II | Smerter ved aktivitetsstart, som gjev seg etter oppvarming, men som kjem tilbake etter trening |
IIIa | Smerter under og etter aktivitet, men vedkomande kan ta del i konkurranse og trening på same nivå som vanleg |
IIIb | Smerter under og etter aktivitet og vedkomande kan ikkje ta del på same nivå som før |
IV | Totalruptur av sena |
Vurdering
Diagnosen stiller kiropraktoren etter sjukehistorie og på grunnlag av spesifikk ømheit over det aktuelle senefestet. Ultralydundersøking kan vise kor hardt sena er ramma. På ultralyd kan ein sjå endringa som at sena er tjukkere, fiberstrukturen er endra samt innvekst av blodkar. Ultralyd gjer at vi kan stille ei presis diagnose og lokalisere problemområdet nøyaktig, noko som vil gjere at behandlinga vert meir spesifikk. Vurdering av sko og behov for innleggsålar, treningsbelastning, fotstilling og funksjonell vurdering i forhold til belastningsmønster er viktig å kartlegge.
Behandling
Den best dokumenterte behandlinga for Jumpers’s knee / hoppekne er eksentrisk styrketrening. Dette må gjerast i eit program som går over minst 3 mnd. I den seinare tid er det også kome ein del dokumentasjon på effekta av sakte, tung styrketrening («heavy-slow resistance training») i behandlinga av senelidingar. Begge behandlingsmetodane er noko tidkrevjande, men gjev gode resultat. Det er også ein del dokumentasjon på behandling med trykkbølger ved disse lidingane. Vår erfaring er at det er viktig å behandle eventuelle andre feilfunksjonar som kan vere underliggende årsak til at problemet har oppstått, derfor undersøker vi både fot, kne, hofte og rygg og behandlar dette i ei heilheit. Då nyttar vi ulike effektive behandlingsteknikkar. Redusert aktivitetsnivå er nødvendig under behandlinga av tilstanden.
Kva kan du gjere sjølv?
Ofte vil sykling med lett belastning vere eit godt alternativ ved Jumper’s knee. Ising av den irriterte sena etter aktivitet kan vere med på å dempe smerte og forhindre ein del inflammasjon(betennelse) i sena. Det er viktig at du fylgjer opp øvingar som du har fått av behandlaren din. Dette er heilt avgjerande for et vellukka behandlingsutfall ved plager i patellarsena.
Førebygging
Seneplager som Jumper’s knee kan førebyggast ved å auke treningsmengda gradvis og ikkje for mykje for fort. Bruke gode sko med god støtte og solid demping og eventuelt sålar dersom du har behov for det. Ver nøye på uttøying og rørsletrening av muskulatur i sete og lår. Unngå hardt underlag og springing på asfalt så mykje som råd. Tren variert; kroppen vår likar variasjon.