Plantar fascitt er irritasjon i eit seneliknande bindevev under foten som vert kalla plantarfascien. Bindevevet er festa under foten på framsida av helbeinet og går i vifteform fram mot tærne.
Årsak
Plagene skuldast i stor grad overbelastning av festet på hælbeinet, enten i form av hopping, springing, gange eller stilleståing på harde underlag, ofte i kombinasjon med dårlege sko. Er ein i tillegg plattfot eller overvektig er ein ekstra utsett. Overbelastninga gjev små skader og rifter (mikrotraumer ) i hinna som så gjev arrvev og slitasje av bindevevet. Over tid kan plantar fascitt gje myje plager i form av smerter og nedsett funksjonsevne. Typisk for plantar fascitt er at smertene varer i lange perioder. Dette varierer frå individ til individ, men det er ikkje uvanleg at smertene vedvarer mellom 6 til 24 månader. Ein reiknar med at ca. 10 % av befolkninga vil få plantar fascitt i løpet av livet og dette gjer det til ein av dei mest vanlege fotplagene.
Symptomer
Hælsmerta kan kjennest skarp som knivstikk på undersida av foten. Smerta er vanlegvis verst når du reiser deg etter å ha sitte eller ligge ei stund. Dersom ein står eller går lenge, kan smerta kjennest meir som verking under foten, som kan breie seg frå midt under hælen og langs fotsålen. Innsida av fotboga kan også verke. Sårheita og ømheita kjenner ein berre under foten. Det er ikkje smerter på baksida av helen. Smerteintensiteten kan spenne seg frå ein irriterande verk som du merkar når du reiser deg, til smerter som er så gale at du ikkje klarer å gå.