Fot og ankel

Mortons nevrom er ein smertefull nerveknute mellom to mellomfotknoklar, vanlegvis tilsvarande 3. og 4. tå. Forandringar i bløtdelane kan gi trykkauke som forklarar smertene. Mortons nevrom ser ein oftare hjå personar som er tverrplattfot. Gange og springing provoserer smertene som kan verte invalidiserande.

Tradisjonelt har breie sko / innleggssålar og kirurgi vore nokre av behandlingsmetodane av mortons nevrom.

Vi kiropraktorar ser ofte at manuell behandling av framfoten ved manipulasjon, mobilisering, samt djup bløtvesbehandling gjev effekt, i tillegg til å avlaste trykket på foten ved bruke av rett sko og innleggssåle.

Ankelleddet er omringa av fleire leddband og leddkapslar som saman med muskulatur er med på å stabilisere leddet.

Eit overtrakk oppstår oftast ved at ein under landing vrir foten, noko som kan føre til skade på dei ulike strukturane. Skaden kan variere frå lette forstrekningar til totale avrivninger av leddbånd og sener.

Det er viktig å snarast råd få stilt korrekt diagnose slik at behandlinga og rehabiliteringa vert korrekt i frhold til diagnosen. I enkelte tilfeller bør skaden behandlast kirurgisk. Ta derfor kontakt snarast for undersøking. Sannsynlegvis vil vi nytte diagnostisk ultralyd for å finne ut om det er avrivning eller ei mindre strekkskade.

Akillessena er den tjukkaste og sterkaste sena i kroppen vår. Denne sena vert utsett for store belastningar, spesielt ved springe- og hoppeaktivitet. Akillessena er felles sene for dei to største musklane i leggen (gastrocnemius og soleus) og er festa på helbeinet. Akutt akillessenebetennelse velger man nå heller å kalle akutt akillesseneplage, og kronisk akillessenebetennelse kaller man langvarig akillestendinose.

Årsak:

Det er mange faktorer som kan være medvirkende til at akillesseneplager oppstår. Personer med ulik lengde på bena, eller feilstilling i foten, har økt risiko for å pådra seg akillesseneplager. Dårlig fottøy og hardt underlag har også en klar betydning. Personer som øker treningsbelastningen for raskt er også veldig utsatt.

  • Akutt akillesseneplage oppstår hvis det blir en akutt overbelastning, eller friksjon mot senen. Inflammasjonen som oppstår er kroppens naturlige forsvarsmekanisme på overbelastning.
  • Langvarig akillesseneirritasjon (tendinose) er ein slitasjetilstand (degenerativ) hvor akillessenen over tid har blitt utsatt for gjentatte overbelastninger. I de fleste tilfeller finner man ikke betennelsesceller i senen, men altså slitasjeforandringer. Tendinosen oppstår som regel i området fra 2-6 cm over festet til hælbenet hvor blodsirkulasjonen i senen er dårligst.
  • Akillesseneavrivingar (rupturar) deler vi inn i totale og delvise (partielle). Totalavriving er mest vanleg hjå aktive idrettsutøvarar/mosjonistar (gj.snitts.alder 40 år) som etter eit kortare eller lengre opphald gjenopptek idrettaktivitet. Delvise avrivingar (Partielle rupturer) inntreffer relativt hyppig i de samme idretter som totalrupturer og førekjem i alle aldrar. avrivinga oppstår oftast ved ei akutt strekkbelastning som overstig toleevna til sena.

Plantar fascitt er irritasjon i eit seneliknande bindevev under foten som vert kalla plantarfascien. Bindevevet er festa under foten på framsida av helbeinet og går i vifteform fram mot tærne.

Årsak

Plagene skuldast i stor grad overbelastning av festet på hælbeinet, enten i form av hopping, springing, gange eller stilleståing på harde underlag, ofte i kombinasjon med dårlege sko. Er ein i tillegg plattfot eller overvektig er ein ekstra utsett. Overbelastninga gjev små skader og rifter (mikrotraumer ) i hinna som så gjev arrvev og slitasje av bindevevet. Over tid kan plantar fascitt gje myje plager i form av smerter og nedsett funksjonsevne. Typisk for plantar fascitt er at smertene varer i lange perioder. Dette varierer frå individ til individ, men det er ikkje uvanleg at smertene vedvarer mellom 6 til 24 månader. Ein reiknar med at ca. 10 % av befolkninga vil få plantar fascitt i løpet av livet og dette gjer det til ein av dei mest vanlege fotplagene.

Symptomer

Hælsmerta kan kjennest skarp som knivstikk på undersida av foten. Smerta er vanlegvis verst når du reiser deg etter å ha sitte eller ligge ei stund. Dersom ein står eller går lenge, kan smerta kjennest meir som verking under foten, som kan breie seg frå midt under hælen og langs fotsålen. Innsida av fotboga kan også verke. Sårheita og ømheita kjenner ein berre under foten. Det er ikkje smerter på baksida av helen. Smerteintensiteten kan spenne seg frå ein irriterande verk som du merkar når du reiser deg, til smerter som er så gale at du ikkje klarer å gå.

Årsak:

Gjentakande mekanisk drag frå akillessena og gjentekne belastningar på helbeinet, kan gje ein betennelses (inflammasjons)prosess av (apofysa) vekstsona på helbeinet hjå unge mellom 8-14 år. Denne vekstsona vert forbeina, vanlegvis rundt 14-15 årsalderen. Diagnosen er Sever’s disease, men er altså ingen sjukdom, men ein mekanisk overbelastning, som er forbigåande.

Andre faktorar:
  • Rask vekst
  • Mykje belastningsaktiviteter som fotball, handball og andre aktivitetar med mykje stopp og springing, samt hopping.
  • For dårlege sko, med manglande støtte og demping.
  • Stram akillessene
  • Plattfot – andre biomekaniske fotproblem
Symptom:

Smerte bak på helen hjå unge. Smerta vert verre ved gåing. Ofte haltande gange. Det kan oppstå på ein eller begge helar. Av og til kan ein sjå lokal heving i området. Ømt når ein trykker på området og på begge sidene av helen.

Hallux valgus er ei feilstilling av storetåa slik at ho vert vridd utover i retning av vesletåa. Samtidig er storetåa sitt grunnledd skubba innover i retning av den andre foten. Trykk frå sko kan føre til ein kronisk irritasjon av slimposen (bursa) som ligg utanpå grunnleddet, og det kan over tid verte danna ein utvekst, ein «ilke» (eksostose), rundt grunnleddet slik at forfoten vert breiare. Skeivheita i storetåa (hallux valgus) kan også påverke dei næraste tærne, som kan verte krumma, såkalla hammartåstilling.

Hallux valgus er ein svært vanleg tilstand som ein ser langt oftare hjå kvinner og eldre. Studier har vist at 23 % av befolkinga mellom 18-65 år og 36 % av befolkningen over 65 år, har hallux valgus.

Årsak

Hallux valgus kan utvikle seg når belastninga på ledd, musklar og sener i føtene er ujamn. Denne ubalanen i trykk kan gjere grunnleddet i storetåa ustabilt, og føre til at ein utviklar ein «ilke» og ei skeiv tå.

Risikofaktorer:
  • Høghela eller tronge sko
  • Fottype
  • Fotskader
  • Medfødde deformiteter i føtene
  • Ein jobb der ein belastar føtene mykje, eller må gå med spisse sko
Symptom

Typisk ser ein skeivheit i storetåa og sårheit over storetåa sitt grunnledd. Leddet hovnar opp og vert svært markert og utståande på innsida av foten, og det vert smertefullt og ømt. Endringane i foten kan gjere det vanskeleg å finne sko som passar godt på foten.