Rygg

Handtering av ryggplager er det dei aller fleste assosierer kiropraktoren med. Det er mange strukturar i ryggen som kan gje redusert funksjon og store smerter. Vi handterer akutte og kroniske ryggplager, og fylgjer opp med spesifikk, funksjonell rehabilitering.

Brystryggsmerter

Smerter i øvre del av ryggen (Thorakalcolumna) mellom skulderblada rammar svært mange av oss. Kanskje ikkje så rart når vi tenkjer på alt kontorarbeid som vert utført framfor ein skjerm med runde skuldrar, framoverbøygd hovud og anspente armar. Ofte spreier smertene seg opp til nakken, ut i skuldrane eller fram i brystet og opp i halsen.

Korsryggsmerter

Ulike diagnosar vi behandlar

Det er vist at inflammasjon (betennelse) av nerverota medverkar til smerter ved skiveprolaps og at pasientar kan ha symptom på nerverotaffeksjon uten radiologiske teikn til kompresjon og omvendt.

Undersøking her i klinikken kan avklare om det føreligg skiveprolaps der nerverota er påverka. MR-undersøking kan stadfeste dette, og kan kartlegge plassforholda i nerverotkanalen og spinalkanalen. MR kan også vise om prolapsen reint fysisk er i kontakt med nerverota og komprimerer den, men gjev ikkje informasjon om den nevrofysiologiske tilstanden til nerverota. Det er ikkje nødvendig med ei MR undersøking for å behandle slike tilfeller, vi nyttar kun MR når vi vurderer at tilstanden treng kirurgisk vurdering.

I og med at opptil 18 % av pasientar med lumbal skiveprolaps ikkje har symptom eller funn på nerverotaffeksjon, er det mykje som tyder på at skiveprolaps i mange tilfeller ikkje er årsaka til smertene. Vi veit at pasientar kan ha nerverotsymptom utan teikn til kompresjon eller at dei ikkje har symptom med teikn på kompresjon (mekanisk trykk) av nerverota. Dette kan vere ei av forklaringane på kvifor rundt 20 % av pasientar med lumbal (lenderygg) skiveprolaps har lite utbytte av kirurgi.

Om lag 18 % har lumbal skiveprolaps utan symptom på nerverotaffeksjon, og rundt 20 % vert ikkje bedre av operativ behandling. Det er soleis behov for objektive mål som indikerer om det føreligg pågåande skade av nerverota og om skaden skuldast hovudsakleg kompresjon (mekanisk årsak) eller inflammasjon av nerverota. Pasientar med inflammasjon som hovudårsak til rotsmerter kan truleg ha meir utbytte av konservativ behandling (som kiropraktikk) og /eller medikamentbehandling enn operativ behandling. Det føreligg motstridande dokumentasjon om effekten av antiinflammatorisk (medikamentell) behandling hos pasientar med lumbal skiveprolaps og nerverotaffeksjon. Ei av forklaringane kan vere at det er ei undergruppe av pasientar som hovudsakleg har inflammatorisk indusert smerte.