Helseforsikring, også kalla behandlingsforsikring, er vorte meir og meir vanleg  siste åra. Ein reiknar med at cirka 500 000 nordmenn har slik forsikring. Fleire og fleire bedrifter vel å teikne helseforsikring for sine tilsette. Dette kjem både dei tilsette og bedrifta til gode.

Forsikringa sikrar rask undersøking og behandling ved sjukdom eller skade.

Helseforsikringa dekkjer undersøking og behandling hjå legespesialist, kiropraktor eller fysioterapeut. Forsikringa dekkjer også bildediagnostisk undersøking (MR, røntgen CT og ultralyd) dersom dette er nødvendig.

Kiropraktorklinikken i Sogndal har eit godt samarbeid med alle dei store aktørane som leverer helseforsikring, og som pasient kan du derfor nytte helseforsikringa di hjå oss. Spør arbeidsgjevaren din om du har helseforsikring gjennom jobben.