KIROPRAKTORKLINIKKEN FEIRA 20 ÅR I SOGNDAL !

24. september 2001 opna vi opp i Sogndal, i Gravensteinsgata 13. Der var vi i 10 år før vi flytta opp i Sogningen, og etter 10 år der er vi no tilbake i Fjøra og Fjørevegen 18B. Det har vore kjempefine år, sjølv om vi fekk litt negativ velkomst av enkelte i helsevesenet, så har det gått seg godt til og vi har no eit nært samarbeid med mange legar, fysioterapeutar, spesialistar, personlege trenarar og massørar.  Pasientane tok oss varmt i mot og det tok ikkje lang tid før vi hadde fulle lister. Det er eit privilegium å vere pionerar og få sette standarden for kiropraktikk i Indre Sogn, og vi er takknemlege kvar dag for å kunne hjelpe folk med muskel-skjelettplager. Vi ser fram til mange år til i Sogndal !