Kiropraktorklinikken i Sogndal

Bestill eller administrèr time

Vi nyttar Pasientsky

Vi brukar Pasientsky som journalsystem, og gjennom appen
Patientsky
kan du bestille og avbestille timar og sende meldingar direkte til kiropraktoren din. Du kan fortsatt bestille timar her.

Kapasitet

Kiropraktor Mara Frattasio er ikkje på kontor fram til årskiftet. Sende en melding via pasientsky chat i oktober dersom ho har avtalt noe behandling med deg før det. Ellers sjå på booking side for ledige timer hos Mara.

Kiropraktor Jannike Skår er i klinikken og gjer sitt beste til å oppretthalde god kapasitet. Om du ikkje skulle finne ledig time gjennom nettsida eller appen Pasientsky og du har eitt akutt problem, ikkje nøl med å ringe oss på 57 67 50 55 eller send oss ein epost.

Vi har flytta!

Men ikkje langt… berre over vegen :-)

Vi trivest godt i Fjøra og ynskjer fortsatt å vere lett tilgjengeleg på gateplan for alle pasientane våre frå Indre Sogn.

Vi held no til i Fjørevegen 21. Velkomne!

Statsbudsjettet 2026: Refusjonsordninga blir vidareført – utan endring

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2026 (Prop. 1 S 2025–2026) å vidareføre den mellombelse refusjonsordninga for kiropraktorbehandling. Takstane blir ståande uendra, men løyvinga blir auka, og fondet for etter- og vidareutdanning blir styrkt.

Ordninga, som blei redda i siste liten våren 2025 etter at regjeringa først hadde vedteke å avvikla refusjonen heilt, består – men framleis med svært låge satsar. Sidan 1. juli 2025 har refusjonssatsen vore 4 kroner per førstegangskonsultasjon, og denne ordninga blir no foreslått vidareført uendra i 2026.

Les heile saka

Unikt tilbod innan ultralydundersøking og injeksjonsbehandlingar

Ein ultralydundersøking er ein rask og smertefri undersøking som er svært pasientvenleg og utan stråling. Saman med ein god klinisk undersøking gjev den muligheit til å stille ei meir nøyaktig diagnose ved ein rekke tilstandar.

Vi utfører injeksjonsbehandlingar med hyaluronsyre og PRP / ACP-Tendo. Hyaluronsyra vert brukt for friksjonsfri rørsle av leddet og beskyttar mot slitasje. PRP vert brukt for behandling av kroniske smertetilstandar i ledd. Vi kan også nytte ACP-Tendo ved leddbandskade, seneskade og muskelskade.

Les meir om ultralydundersøking
Les meir om injeksjonsbehandlingar

Vi ynskjer å vere dei beste klinikarane i vårt fagfelt og jobben med å vere dei best førebudde tek vi på alvor

Les meir om oss

Vi behandlar

Myofasciell smerte Tendinopatiar Muskelubalanse Rygg Nakke Hovudverk Skulder Kne og legg Bekken, hofte og lyske Fot og ankel Alboge, hand og finger Svimmelheit Kronisk smerte Artrose
Gravide
Eldre
Barn
Idrett

Våre behandlingsmetodar er trygge og velprøvde for å gje deg eit friskare og meir aktivt liv

Les meir om våre behandlingsteknikkar

Handtering av muskel- og skjelettplager

Når ein pasient oppsøker oss er jobben vår fyrst og fremst å utelukke andre tilstandar enn frå muskelskjelettsystemet og tilstandar som skal tilvisast vidare. Neste steg er å stille rett diagnose og vurdere rørsleapparatet for dysfunksjonar og behandle med effektive metodar. I nokre muskel- og skjelettilfelle, som ved ryggsmerter, er ofte diagnosen å kategorisere det som mekanisk og ukomplisert. Deretter behandlar vi, og effekten av behandlinga er ein del av den diagnostiske prosessen.

Kiropraktorklinikken i Sogndal har vore leiande innan feltet i to tiår. Erfaringa vår og vår uttrøyttelege innsats mot livslang læring, er det som held oss i forkant, og er grunnen til at pasientar vel å oppsøke oss.

Tilbakemeldingar på arbeidet vårt

Eg er godt nøgd med Kiropraktorklinikken i Sogndal. Ein ting er at me har ein slik klinikk i Indre Sogn, og slepp reisa lange avstandar for kiropraktorbehandling. Men eg er også svært nøgd med kiropraktorane som arbeider der. Dei gjer ein samvitsfull og god jobb med pasientane, føl dei godt opp, og sender dei vidare til undersøkjing om det er naudsynt. Som tidlegare kommunelege, og i seinare år bedriftslege, har det vore fint å kunna tilvisa pasientar til Kiropraktorklinikken i Sogndal.

Kaupanger fotball sitt damelag har i fleire år hatt eit godt samarbeid med Kiropraktorklinikken, som eit tillegg til fysioterapi. Dette samarbeidet har vore viktig i oppfølginga av enkelte av våre spelarar. Dei tilsette i Kiropraktorklinikken har høg kompetanse og viser ei brennande interesse for fotball. Spelarane opplever at dei får rask og god oppfølging, og at dei vert tilvist vidare dersom det er behov. I tillegg har Kiropraktorklinikken utstyr for ultralyddiagnostikk og nyttar fleire typar behandling, noko som gjer at behandlingstida ofte verte redusert.

Veldig godt nøgd med både Jannike og Mara. Har hatt plantar fascitt i 6 mnd, og det var trykkbølgebehandling hos Jannike som gjorde susen! Eg merka betring etter fire behandlingar, og det var himmelrike for meg å endeleg kunne gå på foten igjen! Fascinerande å sjå kva kiropraktorane kan, og kva som skal til å «fikse» deg. Utruleg flinke! Litt venting på venterommet må ein tåle, for resultatet blir bra!

Profesjonell behandling og støtte frå Kiropraktorklinikken i Sogndal har vore grunnleggjande for friidrettskarrieren mi. Eg har fått kontinuerleg oppfølging og akutthjelp. Samarbeidet har resultert i mange gode prestasjonar og over 15 NM medaljar.

Ei stor takk!

Eg har opp igjennom åra hatt meget god effekt av behandlingen eg har fått hjå Kiropraktorklinikken i Sogndal. Dei har behandla vond korsrygg, stramme setemusklar, stiv nakke og vonde skulderblad, tennisalboge, hoftesmerter samt konstatert ein skade i eit kragebein ved hjelp av ultralyd. Dei finn alltid dei vonde punkta og behandlar deretter. Nålebehandling gir svært god effekt. Kiropraktorane har også behandla begge mine ungar ved ca 3 mnd alder grunna at babyen var mykje urolig og skreik mykje. God effekt av dette og. Anbefalar alle å oppsøke denne klinikken ved muskel og skjelettplagar!

Bestill time

Aktuelt