Prisar

Ein treng ikkje tilvising frå legen for å få refusjon frå Helfo

Eigendel kiropraktor

  • Fyrste gongs konsultasjon
    750 kr
  • Oppfylgjande behandling
    600 kr
  • Trykkbølgebehandling
    +300 kr
    (i tillegg til konsultasjon)
  • Ultralydundersøking
    + 300 kr
    (i tillegg til konsultasjon)

Injeksjonsbehandling ultralydrettleia

  • Hyaluronsyre 1 ledd
    3000 kr
    (Ostenil plus )
  • PRP 1 behandling
    4000 kr
    (Blodplaterikt plasma)
  • PRP 2 injeksjonar
    6900 kr
    (Blodplaterikt plasma)

    Over 1-2 veke, sum gjeld totalt for alle behandlingar

  • PRP 3 injeksjonar
    9900 kr
    (Blodplaterikt plasma)

    Over 1-2 veke, sum gjeld totalt for alle behandlingar

  • PRP ACP-Tendo
    7700 kr
  • Kortison
    1200 kr
    (resept frå lege)

Ver venleg og merk deg

Betaling skal skje etter kvar behandling. Vi har sjølvbetent betalingsterminal, der du kan betale med kort og kontantar. Vi tek ikkje MasterCard og Visa Electron.

Refusjon

Ein treng ikkje tilvising frå legen for å få refusjon frå Helfo. Kiropraktorar er primærkontakt og har sjølvstendig behandlaransvar. Refusjonen for fyrstegongskonsultasjon er 110,- kr og 64,- kr pr oppfygjande behandlingstime. Refusjonen vert fråtrekt før betaling, slik at beløpet du betaler er eigendelen.

Faktura

Om du ikkje betalar etter konsultasjonen vert det sendt ut faktura gjennom Collectio, dei tek 50 kr i gebyr. Ver venleg å snakk med oss om du ynskjer utsetjing. Vi har avtale med mange bedrifter mellom anna Lerum, Avery Dennison, Nor Sun, DIFI og LMI. Snakk med din arbeidsgjevar om dei har avtale med Kiropraktorklinikken. Når arbeidsgjevar betaler, vert det sendt ut faktura etter avslutta behandling.

Helseforsikring

Har du helseforsikring gjennom arbeidsgjevar, eller privat, så dekker denne ofte kostnadane til kiropraktorbehandling. Ta kontakt med arbeidsgjevar eller direkte med forsikringsselskapet så får du ei stadfesting og eit referansenummer. Forsikringsselskapet vert så direkte fakturert etter behandlingsserien er avslutta.

Avbod

Er du forhindra i å møte til avtala tid ber vi deg om å melde avbod seinast 24 timar før. Møter du ikkje til timen vert du fakturert for den avtala konsultasjonen.