Injeksjonsbehandlingar

Kiropraktor Mara Frattasio utfører ultralydsrettleia injeksjonar.

PRP / ACP-Tendo

PRP er ei forkorting for «platerikt plasma.» PRP er ei relativt ny behandlingsform som raskt har fått mange nye behandlingsområde, inkludert behandling av kroniske smertetilstandar i ledd. Det er ei behandlingsform der ein nyttar pasienten sitt eige blod i behandlinga. Før behandlinga tappar ein blod frå pasienten slik som ved ein vanleg blodprøve. Denne blodprøva vert så behandla i ei spesiell sentrifuge i 1 minutt slik at ein skiljer ut delar av blodet som består av blodplater og vekstfaktorar i blodet, og denne delen vert så sprøytt (injisert) tilbake til den delen av kroppen som skal behandlast.

PRP inneheld ein høg konsentrasjon av blodplater, ein del av blodet som naturleg inneheld vekstfaktorar. Disse vekstfaktorane er tenkt å naturleg stimulere ein helingsprosess. Teorien bak bruken av PRP er altså at injeksjonar av ditt eige blodplater vil stimulere til en helingsrespons i det skada vevet. I tillegg har PRP ein betennelsesdempande effekt.

PRP behandlinga vert nytta ved smertetilstandar i ledd som slitasjegikt og kroniske skader i rørsleapparatet, som seneskader i albogar, hæl, fot og kne, men også på akutte skader, som avrivingar av leddband og muskulatur.

Vi kan også nytte ACP-Tendo som er PRP blanda med kollagenfibrer i tilfelle der ein har leddbandskade, seneskade, muskelskade, eller langvarige sene/leddbandskader som ikkje responderer på vanleg behandling eller injeksjonsbehandling. Fordelen med ACP-Tendo er at PRP er blanda i kollagenfibrar som lagar ei rame for gjenoppbygging av vevet og fører til at PRP vert aktivt på skadestaden i minst 30 dagar.

Sidan PRP behandlinga ikkje nyttar andre komponentar enn pasienten sitt eige blod er risikoen for bivirkningar av behandlinga svært lav.

Hyaluronsyre

Hyaluronsyre er ein naturleg del av leddvæska, les meir om funksjonen til leddvæska her. Eigenskapane til hyaluronsyra sikrar ein friksjonsfri rørsle av leddet og beskyttar mot slitasje av overflater dekka av brusk. Les meir om artrose (slitasjegikt) her.

Injeksjon av hyalorunsyre vil forbetre smøringsevna til leddvæska, næring til leddflater, er anti-inflammatorisk, og vil også hjelpe med å gjenopprette den normale balansen mellom nedbryting og danning av naturleg hyaluronsyre.

Hyaluronsyre er stabiliserte og kan være i (Ostenil-plus eller Durolane) er stabiliserte og betyr at det skal være i leddet for opp til 9 mnd etter injeksjon. Det er også an-allergisk og skal ikkje føre til allergisk reaksjon fordi det er laget i laboratorium av ikkje organisk stoff.

For å utnytte dei positive effektane av behandling med hyaluronsyre, er det fint om du kan bevege deg so mykje som råd. Dette aukar rørsle og styrke. Snakk med kiropraktoren og fysioterapeuten om dette, slik at det vert lagt opp eit opplegg som er mest mogleg optimalt for deg.