ART – Active release technique
ART er ein behandlingsteknikk utvikla av kiropraktor Michael Leahy. Bløtdelsteknikken har som mål å bryte opp arrvev i musklar, bindevev, sener og rundt nervar. Prinsippet er enkelt, men teknikken krev god kunnskap om anatomi, diagnosar og godt handlag for å kunne kjenne dei ulike strukturane og tilstanden dei er i. Ein startar behandlinga med vevet i forkorta utgangsposisjon, så brukar behandlaren hendene til å halde eit tydeleg trykk medan pasienten aktivt forlengar muskulaturen.
Både akutte skader og kroniske belastningslidingar vil bygge opp arrvev, som fører til at musklar vert kortare og svakare, spenning i sener gjev irritasjon (tendinopati), og nervevev vert hemma. Dette vil føre til redusert rørsle, manglande styrke og redusert funksjon. ART er ein teknikk alle kiropraktorane ved klinikken har erfaring med, og vi nyttar teknikken dagleg på dei fleste pasientar.