Manipulasjonsbehandling
Det å manipulere ledd er sjølve grunnlaget for kiropraktikken som profesjon. I 1895 grunnla D.D. Palmer kiropraktikken etter å ha studert muskel, nerve- og skjelettsystemet i årevis, og oppdaga at redusert funksjon i det enkelte ledd gav mykje plager. Kiropraktikken er i konstant utvikling og har sjølvsagt endra seg mykje sidan 1895, men manipulasjonsteknikken står fortsatt svært sentralt, grunna at teknikken er så effektiv som den er, og stadig meir forsking kan stadfeste dette. Dei nyaste retningslinjene for behandling av nakke og rygg frå 2017 er baserte på denne forskinga, og konkluderer med at manuelle teknikkar skal prøvast fyrst, og ikkje smertestillande eller betennelsesdempande medikament, noko som har vore svært vanleg strategi hittil.
Nokre kallar teknikken justering eller leddkorrigering. Den er naturĺeg nok mest brukt av kiropraktorar, men også andre har teke i bruk teknikken, grunna den gode effekten, mellom anna manuellterapeutar i Norge.