Trykkbølgebehandling
Trykkbølge er ei akustisk bølge som vert produsert av ein luftkompressor og overført gjennom applikatoren og vidare inn i vevet. Denne høgenergiske bølga fremjar regenerasjon og reparasjonsprosessar i sener og anna bløtvev. Forsking og erfaring viser tydeleg effekt spesielt i seneirritasjonar (tendinopatiar) og kalkdanning i sener.
Kiropraktorklinikken i Sogndal var ein av dei fyrste i fylket til å investere i trykkbølgemaskin og i å ta i bruk teknikken. Vi nyttar oftast teknikken på skuldersener, tennisalbogar, akillesirritasjon og plantar fascitt. I kombinasjon med andre teknikkar og spesifikk rehabilitering opplever vi ofte godt resultat.