For helsepersonell
Kva er kiropraktikk?
Kiropraktikk er den einaste primærhelsetenesta der muskelskjelettplager er hovudfokus både i utdanning og praksis. Utdanninga til ein kiropraktor er 5-årig fulltidsstudie som gjev Mastergrad, og i Danmark har kiropraktorstudentane felles undervisning og eksaminering med legeutdanninga. Kiropraktoren har autorisasjon gjennom SAK og Helsedirektoratet. Ein kiropraktor er utdanna til diagnostikk, behandling, førebygging og rehabilitering av lidingar i rørsleapparatet. Vi er stolte av vår kompetanse til å stille korrekt diagnose, som er utgangspunktet for optimal behandling. Behandlinga består av fleire forskjellege metodar og teknikkar avhengig av problemet og den enkelte pasient. Les meir om behandlingsteknikkar.
Injeksjonsbehandling
Har kiropraktoren refusjonsrett?
Ja, kiropraktoren er primærkontakt og har refusjonsrett. Kiropraktorpasientane får automatisk refusjon. Sjå www.helfo.no for oppdaterte trygderefusjonstakstar. Pasienten betalar eigendelen ved kiropraktorkonsultasjonen.