Gravide

Kiropraktorklinikken i Sogndal behandlar gravide, under heile svangerskapet. Det er ingen risiko for verken mor eller barn, men mange positive effektar av behandlinga. Dei aller fleste svangerskap er heldigvis utan komplikasjoner og store problem, men sjølv det heilt normale forløp kan gje symptom av ymse slag.

Overskrift til tekst

Når magen veks og kroppen forandrar seg kan det det by på utfordringar for kroppen. Svaien i korsryggen vert større, vekta aukar, ribbekassa vert strekt, ein vert meir krum i brystryggen, og magemusklane vert strekte lengre. Ganglaget forandrar seg også. Dette gjer sitt til at det også vert vanskelegare å stabilisere og beskytte lavryggen ved hjelp av den djupe magemuskulaturen, i tillegg vert det meir belastning på setemuskulaturen, låra og leggane. Og kroppen vil merke dei hormonelle endringane. Alle desse faktorane er med på å gjere den gravide utsett for muskel- og skjelettplager i denne perioda.

Dei aller vanlegaste symptoma den gravide oppsøkjer oss med er; smerter og ubehag i sete og hofteregion, smerter i korsrygg, smerter og rørslevanskar i framre bekken og lyske, smerter og stivheit i brystryggen, spenningar i skulder og nakke, spenningshovudverk, smerter og kramper i leggen.

For alle pasientar er det ein stor fordel å kome tidleg til behandling når symptoma startar, og for gravide vil det lette resten av svangerskapet dersom ein kan fjerne symptom og stimulere og styrke muskulatur så tidleg som råd i svangerskapet. Dette vil også gjere ein betre rusta til både fødsel og barselsperiode. Vi fokuserer mykje på å gje råd om korleis å lette kvardagen til den gravide, samt instruksjon i eigentrening og øvingar. Også etter fødselen er det mange som oppsøkjer oss for behandling og hjelp. Vi hjelper mor og barn med ammeteknikk. Vi har god dialog med mange jordmødrer, fysioterapeutar og helsestasjonar i regionen.

For den gravide er det mange gode grunnar for å velje eit medikamentfritt behandlingstilbod!