Prisar
Ein treng ikkje tilvising frå legen for å få refusjon frå Helfo. Kiropraktorar er primærkontakt og har sjølvstendig behandlaransvar. Refusjonen vart halvert av regjeringa i 2024 og fjerna heilt i statsbudsjettet for 2025. Norsk kiropraktorforening og mange fleire kjempar hardt for at kiropraktorpasientar skal få tilbake refusjonen og aller helst eit nytt og betre system der kiropraktorpasientar får likeverdig økonomisk stønad. Men pr i dag lyt pasienten dekke heile kostnaden sjølv. Prisar gjeld per 01.03.2026.
Eigendel kiropraktor
- Fyrste gongs konsultasjon / Nytt problem1020 kr
- Fyrste gongs konsultasjon hjå turnuskandidat960 kr
- Oppfylgjande behandling800 kr
- Oppfylgjande behandling hjå turnuskandidat770 kr
- Trykkbølgebehandling+200 kr(i tillegg til konsultasjon)
- Ultralydundersøking Enkel+ 200 kr(i tillegg til konsultasjon)
- Ultralydundersøking utvidet+ 400 kr(i tillegg til konsultasjon)
- Attest/Rapport ukomplisert100 kr
- Sjukmelding70 kr
Injeksjonsbehandling ultralydrettleia
- Hyaluronsyre 1 ledd3200 kr(Ostenil plus )
- PRP 1 behandling4200 kr(Blodplaterikt plasma)
- PRP 2 injeksjonar7500 kr(Blodplaterikt plasma)
Over 1-2 veke, sum gjeld totalt for alle behandlingar
- PRP 3 injeksjonar11000 kr(Blodplaterikt plasma)
Over 1-2 veke, sum gjeld totalt for alle behandlingar
- PRP ACP-Tendo7700 kr
- Kortison1200 kr(resept frå lege)
Ver venleg og merk deg
Betaling skal skje etter kvar behandling. Vi har betalingsterminal på kvart behandlingsrom. Du kan betale med debet- eller kredittkort eller kontaktlaust.
Refusjon
Ein treng ikkje tilvising frå legen for å få refusjon frå Helfo. Kiropraktorar er primærkontakt og har sjølvstendig behandlaransvar. Refusjonen vart halvert av regjeringa i 2024 og fjerna heilt i statsbudsjettet for 2025. Norsk kiropraktorforening og mange fleire kjempar hardt for at kiropraktorpasientar skal få tilbake refusjonen og aller helst eit nytt og betre system der kiropraktorpasientar får likeverdig økonomisk stønad. Men pr i dag lyt pasienten dekke heile kostnaden sjølv.
Faktura
Om du ikkje har høve til å betale etter konsultasjonen ver venleg å snakk med oss om du ynskjer utsetjing, eller faktura. Vi har avtale med mange bedrifter mellom anna Lerum, Avery Dennison, Digital etikett og LMI. Snakk med din arbeidsgjevar om dei har avtale med Kiropraktorklinikken. Når arbeidsgjevar betaler, vert det sendt ut faktura på epost til bedifta etter avslutta behandlingsserie.
Helseforsikring
Har du helseforsikring gjennom arbeidsgjevar, eller privat, så dekker denne ofte kostnadane til kiropraktorbehandling. Ta kontakt med arbeidsgjevar eller direkte med forsikringsselskapet så får du ei stadfesting og eit referansenummer. Pasienten legg ut etter kvar behandling og sender inn samlekvittering til forsikringsselskapet og pasienten får så utbetaling etter behandlingsserien er avslutta.
Avbod
Er du forhindra i å møte til avtala tid ber vi deg om å melde avbod seinast 24 timar før. Møter du ikkje til timen vert du fakturert for den avtala konsultasjonen.

