Behandlingsteknikkar
Våre behandlingsmetodar er trygge og velprøvde for å gje deg eit friskare og meir aktivt liv
Våre behandlingsmetodar er trygge og velprøvde for å gje deg eit friskare og meir aktivt liv
Kiropraktoren vil bruke den teknikken som vil vere mest hensiktsmessig og effektiv for den enkelte pasient og det enkelte tilfelle. Det eksisterer mange ulike effektive teknikkar for å bedre funksjon og under er nokre av dei mest typiske lista opp. Vi presiserer at lista langt på veg er fullstendig.
Ein ultralydundersøking er ein rask og smertefri undersøking som er svært pasientvenleg og utan stråling. Saman med ein god klinisk undersøking gjev den muligheit til å stille ei meir nøyaktig diagnose ved ein rekke tilstandar.
Diagnostisk ultralyd eignar seg godt til å diagnostisere skader rundt ledd, i leddband, sener, musklar og slimposar. Ultralyd kan mellom anna påvise skadar og tilstandar i muskel- og skjelettsystemet som tendinopatiar (fortjukka og irriterte sener mest kjent som senebetennelse), kalkdanningar i musklar eller sener, rupturar (avrivninger i sener, leddband eller musklar), blødningar, hevelse og slimposeirritasjon.
Kiropraktor Mara Frattasio har fullført Mastergrad innan diagnostisk ultralyd, som ein av få i Norge, og er den som utfører undersøkinga her hjå oss. Ho har allereie fleire års erfaring som sonograf.
Dei tilstandane ein brukar ultralyd oftast til er skulder (vurdere sener og slimposar), ankel (spesielt akilles), alboge (seneirritasjon som i tennis- og golfalboge), hofte (utelukke slimposeirritasjon, vurdere musklar og sener for avrivningar og irritasjonar), kne (sener rundt patella), fot (for plantar fascitt, mistanke om brot, og Mortons nevrom), hand/fingrar (ved mistanke om brot, avrivingar av sener, og seneirritasjon). I tillegg er det spennande å kunne måle funksjon og volum av kjernemuskulaturen i lavryggen, og fylgje utviklinga av denne etter behandling og rehabilitering. Det at kjernemuskulaturen har god funksjon er avgjerande for god rygghelse.
Mara Frattasio nyttar ultralyd i samband med injeksjonar. Ein utralydrettleia injeksjon gir ei tryggheit for behandlar og pasient.
Vi på Kiropraktorklinikken kombinerer funksjonell trening og rehabilitering med fleire behandlingsmetodar for best resultat.
Behandlarane kan skreddarsy treningsprogram ut frå den enkelte sine plager, behov og føretsetnader. Vi vektlegg individuell rettleiing slik at ein oppnår trygg og effektiv rehabilitering med stort fokus på korrekt og spesifikk utføring av øvingane.
Vi er stolte av at vi ved Kiropraktorklinikken held oss oppdaterte på kva type rehabilitering som vil gje best resultat. Vi nyttar mange av prinsippa til kiropraktor Craig Liebenson, Dr. Stuart McGill, og kiropraktor Evan Osar