Berre ei tå

Av: Jannike Skår, kiropraktor

Enkelte som oppsøkjer oss kommenterer at «det kunne no ha vore verre», at det dei plagast med er «ingenting» mot det andre må hanskast med. Og det er klart at om du tenkjer på tilstandar i u-land, på dei som av ulike årsaker er på sjukehus, eller berre leitar i nabolaget så kan du sikkert finne nokon som har det verre enn deg sjølv.

Men betyr det at du ikkje skal ta tak i det som du sjølv plagast med? Eg meiner nei. Og akkurat denne dagen var det ein som hadde bestemt seg for nettopp å ta tak i det. Eg hadde knapt fått han inn frå venterommet og introdusert meg sjølv før, han bryt ut: «men det er berre ei tå, altså!«.

Han var tydeleg brydd og tykte det var for gale å plage meg med berre ei tå. Saka var at denne vonde tåa gjorde at han knapt kunne gå. Det hadde vore ein våt sommar og han hadde gått mykje i støvlar. Som sauebonde var han mykje ute i terrenget og såg etter sauene sine. Tåa hadde vorte verre og verre og no nærma det seg sauesank. Han var fortvila. Plagene starta etter at han hadde vore uheldig å sparka inn i ein betongkant og snubla. Han hadde oppsøkt lege som rekvirerte røntgenundersøking. Bileta viste ingen strukturell skade eller anna som kunne forklare smertene, og han hadde arbeidd vidare som vanleg, men all trakkinga i gummistøvlar gjorde han berre verre.

Han klarte å få foten inn i treklogger, men klogger er ikkje brukande når det skal arbeidast. Han hadde prøvd å få tak i avløysar utan hell, og no sat han altså her hjå meg, fortvila.

Tåa var verken raud eller hoven, men testinga av leddutslag var svært smertefull. Etter at tåa hadde vore vond i mange veker var manipulasjonsbehandlinga også noko smertefull, men etter tre behandlingar avslutta vi. Han kunne no gå som normalt att. Han fekk stadfesta at det var rett å spørje om hjelp, og at storleiken på leddet ikkje er avgjerande for kor hemma ein kan verte.

Manipulasjon eller justering av ledd, er for mange sjølve varemerket på kiropraktikken. Teknikken har hjelpt pasientar over heile verda i 125 år. Ja, profesjonen kiropraktikk fyller faktisk 125 år i 2022! Og når ein har ein slik situasjon som denne gardbrukaren stod oppi, så kan denne behandlingsteknikken nærast framstå som reine mirakelet. No er det slett ikkje alltid slik. Dei fleste situasjonar er samansette. Årsaksforholdet kan og vere samansett, og ein treng dermed undersøking og behandlingsstrategi som tek omsyn til ulike faktorar. Men når det nettopp er leddmanipulasjon som trengst er det eit fantastisk verktøy!

Leddrørsle er noko som skjer utan at du tenkjer på det gjennom heile dagen når du er i aktivitet, noko av denne rørsla er viljestyrt og andre delar skal skje automatisk. Ein del av rørsla er den glidande rørsla som skjer mellom leddflatene, eller i nokre ledd eit kopla rørslemønster der fleire ulike rørsler er sett i hop.

Til dømes er det slik med ei sidebøying av lågryggen. Her må det både bøy og ei kopla vriding til i det enkelte leddet for at ryggen skal kunne bøygast. Og det er det passive samansette rørsleutslaget vi prøver å påverke med manipulasjonsbehandling. Og som bonuseffekt vert musklane også nevrologisk påverka av manipulasjonen. Så om du har vondt i korsryggen og klarar å bøyge deg fram men ikkje bakover, er det oftast manipulasjon som må til, og ofte er det mogleg å bøyge seg bakover med ein gong. Fordi manipulasjonen har hjelpt fasettledda til å kunne gli igjen og det gjer ekstensjon/bakoverbøy mogleg att.

Vi har tallause døme på kva ordentleg låste ledd kan gje av symptom etter 25 års praksis, men enkelte historier hugsar ein spesielt godt. Som den med fotballspelaren på Sogndal som for mange år sidan var sett ut av spel grunna knesmerter. Han hadde allereie stått over fleire kampar grunna dette kneet, han hadde vore til undersøking fleire stader, også til MR utan at det var funne noko forklaring på smertene. Han hugsa at plagene starta ved ei landing med lett vriding av kneet, og dermed var det sjølvsagt viktig å utelate at han ikkje hadde skada strukturar som leddband og menisk. Alt dette var heilt i orden. Like fullt var han så plaga at han ikkje kunne jogge lett ein gong. Smertene sat på utsida av leggen heilt oppe ved kneet, og ved undersøking var det svært ømt å ta på leggbeinet, fibula, og det var lite rørsle i leddet. Leddet vart justert så det song i veggane, og han kunne umiddelbart vektbere, og var tilbake på bana etter nokre dagar med behandling.

Ei anna nyare historie er ein fotballspelar med fremre ankelsmerter. Ho hadde gjort mange gode øvingar både i form av styrke, tøying og balanseøvingar, samt mobilisering av leddet med strekkband, men ankelen var like stiv og vond. Det var manipulasjon av ankelleddet ved talusbeinet som måtte til for å oppnå normal rørsle. Ho merka umiddelbart etter den eine manipulasjonen at rørsleutslaget var tydeleg endra, og ho klarte å gjere øvingane betre med ein gang.

Ein innser at det finst eit visst hierarki innan muskelskjelettsystemet når det gjeld status. Tydelegvis har smerter i lågryggen større status enn ei vond storetå. Eit framifrå døme på det var då landskjende faren til Ingebrigtsen-gutane; Gjert Ingebrigtsen, kommenterte til riksmedia at denne plagsame stortåa til Henrik var berre å amputere. Kva skal han eigentleg med denne tåa? Ho var no berre ei pest og ei plage. Vel, gardbrukaren frammi dalen veit betre, om ein spring etter klokka eller etter sauer så er stortåa viktig for å kunne fungere!

God helg!

(Foto av Amy Humphries on Unsplash)