Sogningane sine «smaovenne»

Av: Jannike Skår, kiropraktor

Sogningane har mange gode uttrykk som eg har lært desse 20 åra eg har vore her, nokre knakande gode og artige. Dette uttrykket som eg skriv om i dag er kanskje eit heilt personleg og lite utbreidd eitt, men godt er det.

Som kiropraktor møter eg menneske i alle livsfasar og i mange ulike livssituasjonar, og eg kjenner meg heldig som har desse menneskemøta kvar einaste dag. Og det er dei viktige menneskemøta dagens artikkel handlar om. Ein av mine pasientar oppsøkte meg for å få hjelp til mellom anna ei dårleg skulder og ho kunne fortelje meg at ho hadde gått gjennom sitt livs vanskelegaste periode.

Ho hadde opplevd det alle er mest redde for, nemleg å miste ektemaken, sin beste ven, han døydde etter fleire månader med sjukdom, og ho sat att åleine. Ho opplevde fantastisk støtte frå veldig mange, men etter gravferda vart det stilt, heilt stilt. Ho kjende på ei uendeleg tom kjensle, og vart brått overvelda av einsemd og sa til seg sjølv «eg har ingen vener!».

Etter å ha fått summa seg litt, fortsette ho samtalen med seg sjølv, og konkluderte etter kvart med at det berre var tull! Ho hadde nemleg nokre få svært gode og nære vener, og i tillegg ein heil haug med «smaovenne».

«Smaovenne»? spurde eg. Ja, slike som deg for eksempel. Meg? Ja, vi har no kjent kvarandre sidan du kom hit for 20 år sidan. Eg vart både forundra, beæra og rørt, og fekk noko å tenkje på. Eg kjende denne dama som ei eg seier hei til og småsnakkar med når me møtest, og som pasient, og eg vart altså definert som ein av hennar «smaovenne» …

Nokre veker etter var eg på matbutikken før arbeidsdagen min for å gjere storhandel då eg fekk ei oppringing, der temaet var trist. Ei eldre mor hadde vorte sjuk og tapt seg, og veninna som ringde meg gret på telefonen i fortviling. Dette vart veldig kjensleladd for meg og eg tok til tårene sjølv. Handlevogna var full og eg var eigentleg klar for å gå til kassa, men klarte det ikkje der og då, tårevåt som eg var.

Dette oppdaga ho som sat i kassa, butikksjefen, ho kom bort til meg spurte korleis det gjekk, gav meg ein klem og sa, veit du vi tek vogna di inn på kjølerommet så kjem du att seinare og betaler og hentar varene dine. Då eg kom ut att i bilen kjende eg på ei slik takksemd, og sa til meg sjølv; dette er ein av mine «smaovenne»!

Kvifor skriv eg om dette? Jau, fordi dette handlar om folkehelse. Det å verte sett, føle tilhøyrsel, vere ein del av eit samfunn, oppleve at nokon bryr seg, det har mykje å seie for trivselen vår. Det har mykje å seie for oss dei dagane vi treng det som mest, dei dagane vi treng eit lite klapp på skuldra, ein klem, eit «hei», eit smil. Det har mykje å seie for korleis vi taklar kvardagen, mykje å seie for om det ser heilt mørkt ut, eller litt lysare.

Og det betyr sannsynlegvis mykje meir enn vi anar, på dei andre dagane gjennom året også. Tenk på alle dei du møter gjennom ein dag, bilmekanikaren, naboen i traktoren, han i grønsakavdelinga, bussjåføren du vinkar til, postdama, ho Åse på Nybø Blomster, den eldre mannen du ikkje veit namnet på men som du møter kvar gong du er butikken. Gir du eit nikk, eit smil, så får du eitt tilbake og det løftar deg gjennom dagen, utan at du knapt veit det.

I min kvardag som kiropraktor, tenkjer eg ofte at eg har verdas beste jobb. Mest fordi vi ofte kan hjelpe folk med plagene deira. Men også grunna menneskemøta. Den viktige samtalen om situasjonen pasienten står i, av og til ein heilt uproblematisk ein, men andre gongar ein overveldande vanskeleg situasjon som påverkar tankane, søvnen, påverkar overskotet til fysisk aktivitet, og dermed påverkar muskelskjelettsystemet.

For pasienten betyr det mykje å få ei undersøking, i mange tilfelle kunne få ei diagnose der og då, ei forklaring på samanhengen, verte teken på, få ei behandling som ofte gir merkbart resultat, leggje ein plan saman om kva han eller ho kan gjere sjølv, samtale om kva ein kan forvente. Dette betyr mykje, men kven veit, kanskje føler pasienten også at han har fått ein ny «smaovenn».

Ta vare på kvarandre!

 

(Photo by Roman Kraft on Unsplash)