Frå og med 1. januar 2024 har Stortinget redusert folketrygda sin stønad til kiropraktorbehandling med 100 millioner kroner. Det betyr at

  • takstane i forskrift om stønad til dekking av kostnader til kiropraktorbehandling vert vesentleg redusert
  • takst K5 vert fjerna, for enkel pasientkontakt ved brev, telefonsamtale eller elektronisk kommunikasjon.

Dette fører til at eiegndelen vert høgare for pasientane. Vi ved Kiropraktorklinikken i Sogndal er svært skuffa over dette vedtaket, det er eit usolidarisk tiltak til pasientar som i alle år har teke mesteparten av kostnadane ved behandling.

Av: Jannike Skår, kiropraktor

Enkelte som oppsøkjer oss kommenterer at «det kunne no ha vore verre», at det dei plagast med er «ingenting» mot det andre må hanskast med. Og det er klart at om du tenkjer på tilstandar i u-land, på dei som av ulike årsaker er på sjukehus, eller berre leitar i nabolaget så kan du sikkert finne nokon som har det verre enn deg sjølv.

Men betyr det at du ikkje skal ta tak i det som du sjølv plagast med? Eg meiner nei. Og akkurat denne dagen var det ein som hadde bestemt seg for nettopp å ta tak i det. Eg hadde knapt fått han inn frå venterommet og introdusert meg sjølv før, han bryt ut: «men det er berre ei tå, altså!«.

Han var tydeleg brydd og tykte det var for gale å plage meg med berre ei tå. Saka var at denne vonde tåa gjorde at han knapt kunne gå. Det hadde vore ein våt sommar og han hadde gått mykje i støvlar. Som sauebonde var han mykje ute i terrenget og såg etter sauene sine. Tåa hadde vorte verre og verre og no nærma det seg sauesank. Han var fortvila. Plagene starta etter at han hadde vore uheldig å sparka inn i ein betongkant og snubla. Han hadde oppsøkt lege som rekvirerte røntgenundersøking. Bileta viste ingen strukturell skade eller anna som kunne forklare smertene, og han hadde arbeidd vidare som vanleg, men all trakkinga i gummistøvlar gjorde han berre verre.

Han klarte å få foten inn i treklogger, men klogger er ikkje brukande når det skal arbeidast. Han hadde prøvd å få tak i avløysar utan hell, og no sat han altså her hjå meg, fortvila.

Tåa var verken raud eller hoven, men testinga av leddutslag var svært smertefull. Etter at tåa hadde vore vond i mange veker var manipulasjonsbehandlinga også noko smertefull, men etter tre behandlingar avslutta vi. Han kunne no gå som normalt att. Han fekk stadfesta at det var rett å spørje om hjelp, og at storleiken på leddet ikkje er avgjerande for kor hemma ein kan verte.

Manipulasjon eller justering av ledd, er for mange sjølve varemerket på kiropraktikken. Teknikken har hjelpt pasientar over heile verda i 125 år. Ja, profesjonen kiropraktikk fyller faktisk 125 år i 2022! Og når ein har ein slik situasjon som denne gardbrukaren stod oppi, så kan denne behandlingsteknikken nærast framstå som reine mirakelet. No er det slett ikkje alltid slik. Dei fleste situasjonar er samansette. Årsaksforholdet kan og vere samansett, og ein treng dermed undersøking og behandlingsstrategi som tek omsyn til ulike faktorar. Men når det nettopp er leddmanipulasjon som trengst er det eit fantastisk verktøy!

Leddrørsle er noko som skjer utan at du tenkjer på det gjennom heile dagen når du er i aktivitet, noko av denne rørsla er viljestyrt og andre delar skal skje automatisk. Ein del av rørsla er den glidande rørsla som skjer mellom leddflatene, eller i nokre ledd eit kopla rørslemønster der fleire ulike rørsler er sett i hop.

Til dømes er det slik med ei sidebøying av lågryggen. Her må det både bøy og ei kopla vriding til i det enkelte leddet for at ryggen skal kunne bøygast. Og det er det passive samansette rørsleutslaget vi prøver å påverke med manipulasjonsbehandling. Og som bonuseffekt vert musklane også nevrologisk påverka av manipulasjonen. Så om du har vondt i korsryggen og klarar å bøyge deg fram men ikkje bakover, er det oftast manipulasjon som må til, og ofte er det mogleg å bøyge seg bakover med ein gong. Fordi manipulasjonen har hjelpt fasettledda til å kunne gli igjen og det gjer ekstensjon/bakoverbøy mogleg att.

Vi har tallause døme på kva ordentleg låste ledd kan gje av symptom etter 25 års praksis, men enkelte historier hugsar ein spesielt godt. Som den med fotballspelaren på Sogndal som for mange år sidan var sett ut av spel grunna knesmerter. Han hadde allereie stått over fleire kampar grunna dette kneet, han hadde vore til undersøking fleire stader, også til MR utan at det var funne noko forklaring på smertene. Han hugsa at plagene starta ved ei landing med lett vriding av kneet, og dermed var det sjølvsagt viktig å utelate at han ikkje hadde skada strukturar som leddband og menisk. Alt dette var heilt i orden. Like fullt var han så plaga at han ikkje kunne jogge lett ein gong. Smertene sat på utsida av leggen heilt oppe ved kneet, og ved undersøking var det svært ømt å ta på leggbeinet, fibula, og det var lite rørsle i leddet. Leddet vart justert så det song i veggane, og han kunne umiddelbart vektbere, og var tilbake på bana etter nokre dagar med behandling.

Ei anna nyare historie er ein fotballspelar med fremre ankelsmerter. Ho hadde gjort mange gode øvingar både i form av styrke, tøying og balanseøvingar, samt mobilisering av leddet med strekkband, men ankelen var like stiv og vond. Det var manipulasjon av ankelleddet ved talusbeinet som måtte til for å oppnå normal rørsle. Ho merka umiddelbart etter den eine manipulasjonen at rørsleutslaget var tydeleg endra, og ho klarte å gjere øvingane betre med ein gang.

Ein innser at det finst eit visst hierarki innan muskelskjelettsystemet når det gjeld status. Tydelegvis har smerter i lågryggen større status enn ei vond storetå. Eit framifrå døme på det var då landskjende faren til Ingebrigtsen-gutane; Gjert Ingebrigtsen, kommenterte til riksmedia at denne plagsame stortåa til Henrik var berre å amputere. Kva skal han eigentleg med denne tåa? Ho var no berre ei pest og ei plage. Vel, gardbrukaren frammi dalen veit betre, om ein spring etter klokka eller etter sauer så er stortåa viktig for å kunne fungere!

God helg!

(Foto av Amy Humphries on Unsplash)

Av: Jannike Skår, kiropraktor

Sogningane har mange gode uttrykk som eg har lært desse 20 åra eg har vore her, nokre knakande gode og artige. Dette uttrykket som eg skriv om i dag er kanskje eit heilt personleg og lite utbreidd eitt, men godt er det.

Som kiropraktor møter eg menneske i alle livsfasar og i mange ulike livssituasjonar, og eg kjenner meg heldig som har desse menneskemøta kvar einaste dag. Og det er dei viktige menneskemøta dagens artikkel handlar om. Ein av mine pasientar oppsøkte meg for å få hjelp til mellom anna ei dårleg skulder og ho kunne fortelje meg at ho hadde gått gjennom sitt livs vanskelegaste periode.

Ho hadde opplevd det alle er mest redde for, nemleg å miste ektemaken, sin beste ven, han døydde etter fleire månader med sjukdom, og ho sat att åleine. Ho opplevde fantastisk støtte frå veldig mange, men etter gravferda vart det stilt, heilt stilt. Ho kjende på ei uendeleg tom kjensle, og vart brått overvelda av einsemd og sa til seg sjølv «eg har ingen vener!».

Etter å ha fått summa seg litt, fortsette ho samtalen med seg sjølv, og konkluderte etter kvart med at det berre var tull! Ho hadde nemleg nokre få svært gode og nære vener, og i tillegg ein heil haug med «smaovenne».

«Smaovenne»? spurde eg. Ja, slike som deg for eksempel. Meg? Ja, vi har no kjent kvarandre sidan du kom hit for 20 år sidan. Eg vart både forundra, beæra og rørt, og fekk noko å tenkje på. Eg kjende denne dama som ei eg seier hei til og småsnakkar med når me møtest, og som pasient, og eg vart altså definert som ein av hennar «smaovenne» …

Nokre veker etter var eg på matbutikken før arbeidsdagen min for å gjere storhandel då eg fekk ei oppringing, der temaet var trist. Ei eldre mor hadde vorte sjuk og tapt seg, og veninna som ringde meg gret på telefonen i fortviling. Dette vart veldig kjensleladd for meg og eg tok til tårene sjølv. Handlevogna var full og eg var eigentleg klar for å gå til kassa, men klarte det ikkje der og då, tårevåt som eg var.

Dette oppdaga ho som sat i kassa, butikksjefen, ho kom bort til meg spurte korleis det gjekk, gav meg ein klem og sa, veit du vi tek vogna di inn på kjølerommet så kjem du att seinare og betaler og hentar varene dine. Då eg kom ut att i bilen kjende eg på ei slik takksemd, og sa til meg sjølv; dette er ein av mine «smaovenne»!

Kvifor skriv eg om dette? Jau, fordi dette handlar om folkehelse. Det å verte sett, føle tilhøyrsel, vere ein del av eit samfunn, oppleve at nokon bryr seg, det har mykje å seie for trivselen vår. Det har mykje å seie for oss dei dagane vi treng det som mest, dei dagane vi treng eit lite klapp på skuldra, ein klem, eit «hei», eit smil. Det har mykje å seie for korleis vi taklar kvardagen, mykje å seie for om det ser heilt mørkt ut, eller litt lysare.

Og det betyr sannsynlegvis mykje meir enn vi anar, på dei andre dagane gjennom året også. Tenk på alle dei du møter gjennom ein dag, bilmekanikaren, naboen i traktoren, han i grønsakavdelinga, bussjåføren du vinkar til, postdama, ho Åse på Nybø Blomster, den eldre mannen du ikkje veit namnet på men som du møter kvar gong du er butikken. Gir du eit nikk, eit smil, så får du eitt tilbake og det løftar deg gjennom dagen, utan at du knapt veit det.

I min kvardag som kiropraktor, tenkjer eg ofte at eg har verdas beste jobb. Mest fordi vi ofte kan hjelpe folk med plagene deira. Men også grunna menneskemøta. Den viktige samtalen om situasjonen pasienten står i, av og til ein heilt uproblematisk ein, men andre gongar ein overveldande vanskeleg situasjon som påverkar tankane, søvnen, påverkar overskotet til fysisk aktivitet, og dermed påverkar muskelskjelettsystemet.

For pasienten betyr det mykje å få ei undersøking, i mange tilfelle kunne få ei diagnose der og då, ei forklaring på samanhengen, verte teken på, få ei behandling som ofte gir merkbart resultat, leggje ein plan saman om kva han eller ho kan gjere sjølv, samtale om kva ein kan forvente. Dette betyr mykje, men kven veit, kanskje føler pasienten også at han har fått ein ny «smaovenn».

Ta vare på kvarandre!

 

(Photo by Roman Kraft on Unsplash)

 

https://www.kiropraktikk.no/Aktuelt/ny-forskningrapport-rygg-og-nakkeplager-rammer-1-2-millioner-nordmenn-hvert-aar-og-er-stoerste-enkeltaarsak-til-yrkesfravaer

 

«Harvard Blogg» har skrive ein blogpost der dei går gjennom resultata frå eit stort studie som viser at NSAIDS (betennelsesdempande medisin) ikkje har større effekt enn placebo mot ryggsmerter og derfor ikkje vert anbefalt som fyrsteval mot ryggsmerter (1). Vidare går dei gjennom retningslinjer for behandling utforma av American College of Physicians som viser at ikkje-medikamentell behandling er å føretrekke mot ryggsmerter (2).

Nyoppståtte korsryggsmerter av kortare varigheit enn 12 veker:
• Akutte ryggsmerter går oftast over av seg sjølv og er sjeldan farleg. Ynskjer du  å lindre smertene rår ein til  leddmanipulasjon i ryggsøyla, og /eller massasje, nålebehandling.
• Smertestillande som NSAIDS er IKKJE fyrstevalg.

Langvarige korsryggsmerter med varigheit over 12 veker:
• For pasientar med langvarige ryggsmerter rår ein først og fremst til fysisk aktivitet/trening (rørsle/balanse/styrke).
• Dette kan med fordel verte kombinert med behandling som manipulasjonsbehandling, nålebehandling, samt teknikkar for stressreduksjon og/eller kognitiv terapi.

Les meir her eller ta kontakt med oss om du har spørsmål eller treng hjelp.

1. Machado GC et al. Non-steroidal anti-inflammatory drugs for spinal pain: a systematic review and meta-analysis. Annals of the Rheumatic Diseases 2017;76:1269-1278.

2. Qaseem A et al. Noninvasive Treatments for Acute, Subacute, and Chronic Low Back Pain: A Clinical Practice Guideline From the American College of Physicians. Ann Intern Med. 2017;166:514–530.