Har du hovudpine? Vi treng deg!
Oslo Universitetssykehus og NorHead søkjer deltakarar til eit forskingsprosjekt om hovudpine. Dersom du er over 18 år og har plager med hovudpine – med eller utan nakkesmerter – kan du vere akkurat den vi leitar etter.
Forskingsprosjektet har som mål å lære meir om samanhengen mellom hovudpine og nakkesmerter, og korleis desse plagene best kan behandlast. Di deltaking kan bidra til å gi betre hjelp til dei mange som lever med hovudpine til dagleg.
For å få meir informasjon om prosjektet og korleis du kan delta, ta kontakt med kiropraktoren din.


