Klinikken har vanlege opningstider, men held stengt i påskeveka mellom 29.mars og 5.april.  

Vi er ikkje pålagde å bruke munnbind men kiropraktorane har valt å bruke det i denne perioden med aukande smitte rundt om i landet, sjølv om Indre Sogn heldigvis har vore skåna for særleg smitte. Vi ber no pasientane våre også om å vere venlege å bruke munnbind på venterommet hjå oss, inkludert fyrste veka etter påske i fyrste omgang. Elles vil vi at du forheld deg til dei generelle smittverntiltaka som kommunen og FHI legg ut, og at du ikkje kjem til behandling dersom du har symptom frå øvre luftvegar og elles er usikker på om du er frisk.

På førehand takk for hjelpa og god påske til alle våre pasientar og samarbeidspartar !

Kiropraktor Mara Frattasio vil legge ut nyttige tips og råd på Instagram, fylg henne her: