Oslo Universitetssykehus og NorHead søkjer deltakarar til eit forskingsprosjekt om hovudpine. Dersom du er over 18 år og har plager med hovudpine – med eller utan nakkesmerter – kan du vere akkurat den vi leitar etter.

Forskingsprosjektet har som mål å lære meir om samanhengen mellom hovudpine og nakkesmerter, og korleis desse plagene best kan behandlast. Di deltaking kan bidra til å gi betre hjelp til dei mange som lever med hovudpine til dagleg.

For å få meir informasjon om prosjektet og korleis du kan delta, ta kontakt med kiropraktoren din.

Frå og med 1. januar 2024 har Stortinget redusert folketrygda sin stønad til kiropraktorbehandling med 100 millioner kroner. Det betyr at

  • takstane i forskrift om stønad til dekking av kostnader til kiropraktorbehandling vert vesentleg redusert
  • takst K5 vert fjerna, for enkel pasientkontakt ved brev, telefonsamtale eller elektronisk kommunikasjon.

Dette fører til at eiegndelen vert høgare for pasientane. Vi ved Kiropraktorklinikken i Sogndal er svært skuffa over dette vedtaket, det er eit usolidarisk tiltak til pasientar som i alle år har teke mesteparten av kostnadane ved behandling.

Sjå leiaren i Norsk kiropraktorforening debattere etter feilaktige påstandar om kiropraktorbehandling:

>> Dagsnytt 18 23. mai 2023 kl. 18

Finn meir informasjon på nettsidene til NKF: kiropraktikk.no

Kiropraktor Mara Frattasio vil legge ut nyttige tips og råd på Instagram, fylg henne her: