Nakke

Kiropraktoren er ekspert på å behandle smerter i nakke, rygg, ledd og musklar. Nær halvparten av alle våre pasientar oppsøker hjelp for forskjellege nakkeproblem. Nakken sine funksjonar er kompliserte og spelar ei heilt sentral rolle i rørslesapparatet. Finmekanikken i nakken består av et intrikat samspel mellom ledd, muskulatur og store delar av nervesystemet

Nakkemyalgi

Myalgi eller muskelsmerter/muskelverk er svært utbreidt i befolkninga. Enkelte har meir alvorlige muskelsjukdommar som gjev myalgi, men dei aller fleste nakkemyalgiar stammar frå spenninger i nakke- og skulderkomplekset. Nakkemyalgi kjem oftast av einsidig arbeid eller generelt høgt spenningsnivå. Opptil 50 % av den vaksne befolkninga opplever dette gjennom eitt år.

Ved Kiropraktorklinikken erfarer vi gode resultat ved behandling av nakkemyalgiar. Pasienten får eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg. Vi nyttar ulike teknikker som til dømes manipulasjon, tørrnålbehandling og ART. Spesifikk rehabilitering er vesentleg for å unngå at plagene kjem att etter avslutta behandling.

TOS / «Thoracic outlet syndrome»

Eit smertesyndrom forårsaka av kompresjon av nerve og/eller blodkar (arterie/vene) i nakke-/halsregionen. Kompresjonen er lokalisert til opninga som er danna av kragebeinet, fyrste ribbebein og halsmuskulatur. Kompresjon under senen til den store brystmuskelen i skulderregionen si fremside er også muleg. TOS gir hovedsakelig symptom i skulder, arm og hand

Nakkeprolaps

Prolaps i nakken

Til vanleg har mellomvirvelskivene som oppgåve å absorbere kraft som går gjennom ryggrada i vanlege rørsler. Slitasje og skader på mellomvirvelskivene i nakken kan føre til prolaps.

Øvre kryss syndrom

Øvre kryss syndrom er ikkje ei diagnose, men ein beskrivelse av en kroppshaldning og eit mønster av ubalansert muskulatur lokalisert til nakke/skulderregion.

Akutte nakkesmerter

Akutte nakkesmerter er ein vanleg tilstand som vi ser ofte i klinikken. Sjølv om akutte nakkesmerter oftast er ufarlege, er dei ofte veldig smertefulle og kan føre til at pasienten vert redd og engsteleg. Det er desto viktigare å kome tidleg til undersøking og behandling.