Tendinopatiar

Tendinopati er ei samlebetegning for sjukdom i ei sene. Sener er forlenging av musklar og festar desse tilskjelettet. Sener kan derfor verte utsette for stor belastning. Ved klinisk undersøking, altså undersøking på benken med ein behandlar, kan ein skilje tendinose frå andre muskel- og skjelettlidingar. Også ultralydundersøking og MR viser ofte typiske endringar. Røntgenbilder kan vise kalk i sener ogsenefeste, men er oftast normale. Blodprøver viser ikkje spesielle teikn til sjukdom.

Dagleg undersøker og behandlar vi seneirritasjonar og – skader ved Kiropraktorklinikken, og vi har lang og god erfaring med å stille diagnoser og behandle samt rehabilitere tendinopatiar / senelidingar. Vi nyttar mange ulike teknikkar, alt etter kva som vil vere mest hensiktsmessig for den enkelte skaden/tilstanden. Alle har som mål å laga en liten akutt tilstand i senen som fører til at kroppen kan bygge seg opp att på nytt slik som skjer ved å bygge muskelvev ved å løfte tunge vekt. Første valg er fenestration som er  Tørrnålbehandling i senen, ultralydveiledet ved behov, kan kombiner med trykkbølgebehandling  0g begge kan bli brukt ålene.  Tørrnålbehandlng i relevant muskler og isometrisk/eksentrisk trening er en viktig del av behandling. Ved behov kan Mara utfører meir advansert behadnling i form av biologisk injeksjonsbehandling med blodplater.

Senelidingar oppstår oftast i skulder, hofte, alboge, ankel og kne.

Førekomsten av delvis og komplette seneavrivingar aukar med alderen. Og det er overbelastning som er den mest vanlege årsaka til skaden eller plagene.

Glukokortikoidinjeksjonar eller ikkje-steroide antiinflammatoriske tablettar (NSAID), er ofte nemnt i norske medisinske lærebøker, og vår erfaring er at dette har vore mykje brukt. Begge er dokumenterte til å hindrer tilheling og er ikkje anbefalt av oss eller i medisinsk retningslinjer.

Mange behandlingsformer er dårleg dokumentert og bør verte bytta ut med meir effektive. Vi veit at langvarig legemiddelbruk er assosiert med dårleg prognose ved skuldertendinose . Det er signifikant dårlegare langtidsresultat etter stereoidinjeksjonar enn etter andre behandlingsformer.Kortisoninjeksjonar virkar negativt inn på tilhelingsprosessen og sena si strekkstyrke.

Les meir om våre andre behandlingar

Myofasciell smerte Tendinopatiar Muskelubalanse Rygg Nakke Hovudverk Skulder Kne og legg Bekken, hofte og lyske Fot og ankel Alboge, hand og finger Svimmelheit Kronisk smerte Artrose
Bestill time