Kronisk smerte

Kronisk smerte rammar circa 30% av den vaksne befolkinga i Norge, og er den mest vanlege årsaka for langtids- sjukmelding og uføretrygding. Kronisk smerte er definert som smerter som vedvarar meir enn 3 månader.

Kiropraktorklinikken I Sogndal er ein smerteklinikk. Kvar einaste dag hjelper vi pasientane våre med smerter. Vi er opptekne av å vere dyktige i å stille rett diagnose og å nytte effektive behandlingsmetodar med det mål at pasienten og det enkelte problemområde skal kunne tole belastninga av aktivitet, det vere seg daglegdagse aktivitetar eller rehabilitering og trening.

Smerter i musklar og ledd er den mest vanlege formen for kronisk smerte. Og 35 %-45 % av alle sjukmeldingar skuldast muskel-skjelettplager og er også den mest vanlege årsaka til at nordmenn oppsøker fastlegen.

Kroniske smertetilstandar er alltid samansette tilstandar og krev dermed også ei heilheitleg tilnærming. Ved Kiropraktorklinikken i Sogndal ser vi heile mennesket og er opptekne av å påverke funksjonsnivået, både ved hjelp av effektiv behandling men også ved bruk av spesifikk rehabilitering og ved å ta tak i fleire faktorar, som t.d. pust, søvn, ernæring, og stressmeistring.

Les meir om våre andre behandlingar

Myofasciell smerte Tendinopatiar Muskelubalanse Rygg Nakke Hovudverk Skulder Kne og legg Bekken, hofte og lyske Fot og ankel Alboge, hand og finger Svimmelheit Kronisk smerte Artrose
Bestill time