Artrose
Artrose, også kalla slitasjegikt, er eit typisk symptom på slitasje i ledda, som ein naturleg konsekvens av aldring. Nesten 70% av personar over 65 år har røntgenfunn med artrose utan å vere plaga av smerter.
Det fyrste teiknet på artrosesmerte er ofte «startsmerter». At ein får smerter i ledd under endring av stilling, slik som frå sittande til ståande eller når du står opp om morgonen.
Det andre stadiet av artrose er kjenneteikna av sterkare smerter ved aktivitet, knaselydar ved rørsle av ledd, samt ein varig reduksjon av rørsleutslag, ei tilstivning.
Det siste stadiet av artrose er konstant smerter, også ved kvile, noko som kan gjere det umuleg å sove.
I alle stadie av slitasjegikt kan inflammasjon (betennelse) oppstå, og ein kan hovne opp i og rundt leddet. Artroseprosessen kan verte framskunda av ulike faktorar :
- Gjentekne inflammasjonar i ledd
- Intensiv utøving av idrett
- Deltaking på aktivitetar med høg skaderisiko
- Overvekt
- Tungt fysisk arbeid med høg grad av repeterande rørsler
- Inaktivitet