Kne og legg

Menisken er to støtdempende bruskskiver inne i kneleddet, som grunna utforming hjelp til med å stabilisere kneleddet. Skade på den indre menisken er mest vanleg, medan skade på den ytre menisken gjev større konsekvensar i forhold til stabilitet. Meniskskader kan opptre isolert gjerne i samband med vridningstraumer på idrettsbane eller saman i eit større og meir alvorleg skadebilde. 75 % av pasientar med korsbandskade har samtidig ein meniskskade. I forhold til slitasje (artrose) er langtidskonsekvensane avhengig av kor stor meniskskaden har vore.

Symptom

Skaden kan oppstå akutt eller kome gradvis. Ikkje alle meniskskader gjev låsningar i kneleddet. Har du ein sentral meniskskade (flapruptur) gjev denne oftast smerter, ein skade på den ytre delen av menisken (bøttehankruptur) gjev låsning. Heving (ødem) i seg sjølv er ikkje eit teikn på meniskskade.

Vurdering

Kiropraktoren eller fysioterapeuten tek ei grundig skadehistorie gjennom samtale med deg, og ei god klinisk undersøking. I de fleste tilfella er dette tilstrekkeleg for å stille rett diagnose og bestemme individuelt tilpassa oppfylging. Ein kan også nytte diagnostisk ultralyd eller MR undersøking for å stadfeste diagnosen, dei alle fleste meniskskader vert ikkje opererte på i dag, men om kirurgisk inngrep er indikert tilviser kiropraktoren deg til ortoped for spesialistvurdering. Skader på ytre del av menisken kan verte reparerte med kikholsoperasjon, der den vert sydd på plass. Ved mindre skader eller skade på sentral menisk kan ein fjerne den skada delen. Då det er blodtilførsel til menisken kan små rifter hæle seg sjølv utan kirurgi. Forsking og erfaring viser at spesifikk og grundig styrketrening gjev svært gode resultat og er å føretrekke i dei fleste tilfelle.

Behandling

Ved akuttskade brukar ein prinsippa PRICE. Protection= beskytte skadestaden, Rest: kvile, Ice: is, Compression: kompresjon og Elevation: overkropp ned og kneet opp.

Rehabilitering hjå kiropraktor eller fysioterapeut har stort fokus på spesifikk styrketrening og sansemotorisk trening. Personar som har hatt smerter i kneleddet over lang tid kan ha svinn i muskulaturen (atrofi).

Kva kan du gjere sjølv?

Det er alltid viktig å vere i tilpassa aktivitet. Sykling er ein aktivitet dei fleste med meniskskade tolererer. Unngå å sitte for lenge på knea, som å leike med ungane på golvet eller å legge parkett på golvet utan mange pauser. Og ikkje minst: bestem deg for å fylgje treningsopplegget du får til punkt og prikke, utfør øvingane heilt korrekt, gjer mange nok repetisjonar ofte nok, og ta skikkeleg i !

Førebygging

For symmetri i kroppen og stabilitet rundt kneet er det viktig å ha sidelik styrke mellom høgre og venstre fot, men også sidelik styrke og fleksibilitet mellom framside og bakside i lår og hofte.

Årsak

Jumper’s knee / hoppekne er ein irritasjon patellarsena (sene som går fra kneskåla og ned til øvre del av leggbeinet) og er ein vanleg tilstand hos idrettsutøvarar og aktive mosjonistar. Smertene er lokalisert til senefestet ved den nedre kanten av kneskåla. I nokre tilfelle sit smertene derimot ovanfor kneskåla i senefestet til den store lårmuskelen som heiter Quadriceps. Dette vert kalla Quadriceps tendinopati.

Smertene kan starte på litt ulikt vis. Nokre får smerter etter eit hopp, ei landing eller eit løft. Andre opplever symptomstart etter ei hard treningsøkt eller ein fotballkamp, og hjå nokre kjem smertene meir gradvis. Årsaka til plager i patellar-/quadricepssena er som regel ei overbelastning av senevevet over tid, sjølv om den kan synast akutt. Rask auke i treningsbelastning, feilstillingar i fot (plattfot, overpronasjon), akseavvik mellom fot og kne, dårlig stabilitet i hofte, kne, fot, hardt underlag og dårlege sko er nokre av faktorane som kan gje overbelastning av sena.

Symptom

Ved Jumper’s knee / hoppkne vil det ofte vere smerter ved springing, hopp og ved trykk mot senefestet. Jumper’s knee kan ein klassifisere på fylgjande måte:

GRAD SYMPTOM
I Smerter etter trening
II Smerter ved aktivitetsstart, som gjev seg etter oppvarming, men som kjem tilbake etter trening
IIIa Smerter under og etter aktivitet, men vedkomande kan ta del i konkurranse og trening på same nivå som vanleg
IIIb Smerter under og etter aktivitet og vedkomande kan ikkje ta del på same nivå som før
IV Totalruptur av sena

Vurdering

Diagnosen stiller kiropraktoren etter sjukehistorie og på grunnlag av spesifikk ømheit over det aktuelle senefestet. Ultralydundersøking kan vise kor hardt sena er ramma. På ultralyd kan ein sjå endringa som at sena er tjukkere, fiberstrukturen er endra samt innvekst av blodkar. Ultralyd gjer at vi kan stille ei presis diagnose og lokalisere problemområdet nøyaktig, noko som vil gjere at behandlinga vert meir spesifikk. Vurdering av sko og behov for innleggsålar, treningsbelastning, fotstilling og funksjonell vurdering i forhold til belastningsmønster er viktig å kartlegge.

Behandling

Den best dokumenterte behandlinga for Jumpers’s knee / hoppekne er eksentrisk styrketrening. Dette må gjerast i eit program som går over minst 3 mnd. I den seinare tid er det også kome ein del dokumentasjon på effekta av sakte, tung styrketrening («heavy-slow resistance training») i behandlinga av senelidingar. Begge behandlingsmetodane er noko tidkrevjande, men gjev gode resultat. Det er også ein del dokumentasjon på behandling med trykkbølger ved disse lidingane. Vår erfaring er at det er viktig å behandle eventuelle andre feilfunksjonar som kan vere underliggende årsak til at problemet har oppstått, derfor undersøker vi både fot, kne, hofte og rygg og behandlar dette i ei heilheit. Då nyttar vi ulike effektive behandlingsteknikkar. Redusert aktivitetsnivå er nødvendig under behandlinga av tilstanden.

Kva kan du gjere sjølv?

Ofte vil sykling med lett belastning vere eit godt alternativ ved Jumper’s knee. Ising av den irriterte sena etter aktivitet kan vere med på å dempe smerte og forhindre ein del inflammasjon(betennelse) i sena. Det er viktig at du fylgjer opp øvingar som du har fått av behandlaren din. Dette er heilt avgjerande for et vellukka behandlingsutfall ved plager i patellarsena.

Førebygging

Seneplager som Jumper’s knee kan førebyggast ved å auke treningsmengda gradvis og ikkje for mykje for fort. Bruke gode sko med god støtte og solid demping og eventuelt sålar dersom du har behov for det. Ver nøye på uttøying og rørsletrening av muskulatur i sete og lår. Unngå hardt underlag og springing på asfalt så mykje som råd. Tren variert; kroppen vår likar variasjon.

Løperkne (Runner’s knee) har fått namnet sitt sidan denne tilstanden førekjem ofte hjå langdistanseløpere. Tilstanden oppstår når det kraftige senedraget på utsida av låret vert irritert over knokkelen på lårbeinet sin ytre del ved kneet, noko som ofte gjer det umuleg å fortsette å springe utan smerter.

Korleis oppstår tilstanden?

Tilstanden oppstår ved stor og ofte einsidig belastning over tid, som for eksempel ved jogging og springing. Det er mange faktorar som kan vere medverkande til at problemet oppstår. Personer som aukar treningsbelastninga for raskt er også veldig utsette. Ubalanse i muskulatur, med for svak og stram muskulatur rundt hofte og kne. Dårlege sko med for lite støtte og hardt underlag har også ei klar betydning. Personar med ulik lengde på beina eller akseavvik i foten, som tverrplattfot, har auka risiko for få løperkne. De kraftigaste smertene sit i den ytre delen av kneleddet der sena glir fram og tilbake over lårbeinet. Her ligg også ein slimpose som kan verte irritert og hoven. I de aller fleste tilfella vil også muskulaturen i hofte og sete, der senedraget har sitt utspring, vere stram og øm.

Symptom

Dei primære symptomene er aktivitetsrelaterte smerter svarande til ytre del av lårbeinet like ovanfor kneleddet. Ofte vil smertene avta litt etter at ein blir varm, men så aukar smertene på i etterkant av trening. Ein kan i nokre tilfeller kjenne en ”knitring” (krepitasjon) over området, men først og fremst svært ømt å ta på (palpasjonsømheit).

Vurdering

Kiropraktoren eller fysioterapeuten vil ta en grundig sykehistorie og undersøkelse.
Hvis behandling ikke når frem vil en diagnostisk ultralydundersøkelse kunne bekrefte diagnosen og vil også vise eventuelle forandringer i senen, som fortykkelse av senen, endret fiberstruktur samt innvekst av blodkar. En ultralyd undersøkelse gjør at vi kan stille en mere presis diagnose og lokalisere problemområdet nøyaktig, noe som vil gjøre at behandlingene blir mer spesifikk.

Behandling

I starten er behandlingen rettet mot å dempe den akutte irritasjonen i senen, og tiltak som ising, avlastning og hvile er nødvendig. Eliminering av ytre faktorer (skotøy, underlag, med mer) som kan være årsaken til at tilstanden har oppstått er veldig viktig. Korreksjon av eventuelle akseavvik i ankel, lengde forskjell i bena og lignende er også veldig viktig. Trening av stabilitet i mage/rygg -> hofte -> kne er viktig for å forbedre belastningsmønsteret. Tøyning av ytre lårmuskel, setemuskulatur og av senedraget i låret er viktig. Ved mer kroniske tilfeller vil ofte trykkbølgebehandling være en effektiv behandlingsmetode. Prognosen for å bli bra ved løper kne er god forutsatt at normal bevegelighet, styrke og funksjon gjenvinnes før man er tilbake i full trening. Operasjon kan bli nødvendig i noen tilfeller men som regel er ikke dette nødvendig.

Hva kan du gjøre selv?

Is ned smerteområdet i akuttfase for å få kontroll på hevelser og tegn på irritasjon. Tren alternativt og innen smertegrensen, samtidig som du følger treningsprogrammet du får av oss.

Forebygging

Tøyeøvingar, styrkeøvingar og sansemotoriske balanseøvingar for å sikre god funksjon i rygg, kne og hofter.
Øv på gode løpsteknikkar
Oppsøk hjelp hjå oss på eit tidleg stadie for å hindre at plagene set inn for fullt.

Dette er det vanlegaste kneproblemet hjå idrettsutøvarar og mosjonistar. Problemet startar gradvis. Smertene sit bak eller rundt kneskåla, patella, og kan vere diffuse og svake men også intens og lokalisert. Oftast verre ved aktivitet som springing, hopping, sitte på huk, men ein kan også merke auka symptom etter langvarig sitting.

Årsak

Dette er eit problem som ikkje startar etter ein skade, men skuldast overbelastning. Smertene skuldast irritasjon på baksida av kneskåla, etter lengre tids ubalanse i korleis patella glir over leddet ved rørsle, som regel grunna stramme og svake lårmusklar, eller feilfunksjon i hofte, ankel eller kneet sjølv.

Behandling

Denne tilstanden vil respondere godt på konservativ behandling. Behandlinga går ut på å gjenopprette balansen i framre lårmusklar primært, gjennom ymse muskelteknikkar og spesifikk rehab. I tillegg er det viktig at ein betrar funksjon i heile rørslekjeda, altså frå lavrygg, hofter, kne og anklar.

Kva kan du gjere sjølv ?

Unngå aktivitet som framprovoserer smertene i ei periode, unngå djupe knebøy, ise ofte ned rundt kneet, du kan be kiropraktoren vise deg massasjeteknikkar du kan bruke i tillegg til behandling. Innkjøp av innleggssålar, og sko etter råd frå kiropraktoren.