Kronisk smerte
Kronisk smerte rammar circa 30% av den vaksne befolkinga i Norge, og er den mest vanlege årsaka for langtids- sjukmelding og uføretrygding. Kronisk smerte er definert som smerter som vedvarar meir enn 3 månader.
Kiropraktorklinikken I Sogndal er ein smerteklinikk. Kvar einaste dag hjelper vi pasientane våre med smerter. Vi er opptekne av å vere dyktige i å stille rett diagnose og å nytte effektive behandlingsmetodar med det mål at pasienten og det enkelte problemområde skal kunne tole belastninga av aktivitet, det vere seg daglegdagse aktivitetar eller rehabilitering og trening.
Smerter i musklar og ledd er den mest vanlege formen for kronisk smerte. Og 35 %-45 % av alle sjukmeldingar skuldast muskel-skjelettplager og er også den mest vanlege årsaka til at nordmenn oppsøker fastlegen.
Kroniske smertetilstandar er alltid samansette tilstandar og krev dermed også ei heilheitleg tilnærming. Ved Kiropraktorklinikken i Sogndal ser vi heile mennesket og er opptekne av å påverke funksjonsnivået, både ved hjelp av effektiv behandling men også ved bruk av spesifikk rehabilitering og ved å ta tak i fleire faktorar, som t.d. pust, søvn, ernæring, og stressmeistring.