Årsak
Årsaka til myofascielt smerte syndrom er muskelspenning som igjen fører til triggerpunkt i muskulaturen. Skade i muskulaturen, både akutt skade eller kontinuerleg muskelbelastning kan føre til utviklinga av triggerpunkt. Triggerpunkt oppstår ved overbelastning av muskulatur enten grunna muskelubalanse eller for mykje eller for hard bruk. Overbelastning grunna skade, eller psykisk stress. Triggerpunkt kjem ofte frå vedvarande repeterande aktivitet, slik som å løfte tunge objekt kvar dag, eller ved å sitte ved datamaskina heile dagen. Ingen enkel faktor åleine er ansvarleg for utviklinga av myofascielle triggerpunkt, det er alltid samansette årsaker. Ein kombinasjon av medverkande faktorar kan vere :
- Dårleg haldning
- Langvarig sitting i uhelding stilling
- Mangel på rørsle eller trening
- Skade i muskelskjelettsystemet eller skade på skiver i ryggrada
- Generell utmatting og søvnmangel
- Manglar i kosthaldet
- Hormonelle endringar (t.d. overgangsalderen)
- Emosjonelle problem (depresjon, angst)
- Andre smertetilstandar eller betennelsestilstandar i kroppen
- Fedme
- Bruk av tobakk (sigarettar, snus)