Svimmelheit

Balansesystemet er heilt avhengig av korrekt informasjon frå musklar og ledd øverst i nakken. Dette systemet bidreg til å oppretthalde balansen din gjennom ein kontinuerlig straum av tilbakemeldingar frå ledd, sener og musklar til balansesentra. Små følenervar registrerer rørsle og posisjon i alle delar av kroppen og denne informasjonen går inn til ryggmargen og videre til hjerna. Svimmelheit kan ofte skuldast leddlåsingar og muskelspenningar øverst i nakken og i brystryggen.

Ved Kiropraktorklinikken erfarer vi gode resultat ved behandling av nakkesvimmelheit. Pasienten får eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg. Vi nyttar ulike teknikker som til dømes manipulasjon, tørrnålbehandling og ART. Spesifikk rehabilitering er vesentleg for å unngå at plagene kjem att etter avslutta behandling. Fokuset er forbetra haldning, det krevst både styrke- og fleksibilitetstrening.

Krystallsyke

Krystallsyke, eller Benign paroksysmal posisjonsvertigo (BPPV), er ein tilstand som rammar labyrinten i det indre øyret. Krystallsyke er ein av de vanlegaste årsakene til svimmelheit. Krystallsyke vert karakterisert av kortvarig karusellliknande svimmelhetsanfall (vertigo) og påfylgjande kvalme. Anfallet kjem ofte i forbindelse med at ein snur hovudet i visse stillingar og er ofte verst i liggande stilling. Ein reiknar at 2-3 % opplever krystallsyke i løpet av livet. Sjukdommen er mest vanleg hjå eldre, men kan oppstå i alle aldrar. Kvinner vert ramma noko oftare enn menn.

Årsak

Den mest anerkjente hypotesa om årsaka til krystallsyke, er at det har løsna små krystall (otolitter) inne i labyrinten som deretter har forvilla seg inn i bogegangane til labyrinten og forårsakar irritasjon og feilsignal herifrå.

Symptom

Korte, kraftige anfall av karusellsvimmelheit som kjem i forbindelse med at du legg deg ned, set deg opp eller snur deg i senga kan gje mistanke om krystallsyke. Anfalla varer vanlegvis berre i 1-20 sekunder, men du kan også vere noko svimmel og ustø når du er oppe og går. Det finst mange variantar av krystallsyke og nokon kan likne på ”nakkesvimmelhet” (cervicogen svimmelhet) Ei nøye vurdering av pasienten vil skilje desse tilstandane.

Vurdering

Da krystallsyke er en helt ufarlig årsak til svimmelhet er det alltid viktig å avkrefte/utrede sannsynligheten for andre mer alvorlige årsaker til svimmelheten på et tidlig stadium. Diagnosen stilles ved at din lege/kiropraktor/fysioterapeut gjør forskjellige hodemanøvrer for å fremprovosere et svimmelhetsanfall. Din NEMUS terapeut vil kunne se at du blir svimmel og at du får noen spesielle, ufrivillige øyebevegelser (nystagmus). Dersom krystallsyke fremstår som mest sannsynlige årsak til svimmelheten, kan man sette i gang med spesifikk behandling for din type krystallsyke og pasienten får informasjon om tilstanden.

Behandling

Denne tilstanden kan behandles enkelt, trygt og effektivt med teknikker som for eksempel Epley´s manøver, Barbeque manøver eller Crevits manøver. Dette er alle manøvre hvor du får veiledet krystallene på avveie tilbake der de kom fra slik at det ikke oppstår irritasjon og feilsignaler. Det finnes også øvelser du enkelt kan gjøre hjemme dersom behandlingen ikke gjør deg frisk, men det tar da som regel lengre tid før du blir bra. Med litt flaks kan tilstanden kan gå over av seg selv.

Kva kan du gjere sjølv? Førebygging

Det finst øvelingar du kan gjere heime, men det kan være lurt å oppsøke kyndig hjelp for å få den rette diagnosa samt instrukser for korleis du skal forhalde deg til tilstanden. Det viktigste då er at øvingane er korrekte i forhold til kva øyre plagene dine kjem frå og kva type krystallsyke du har. Dei aller fleste vert friske av krystallsyke, og sjukdommen er ufarleg, sjølv om den kan vere svært ubehageleg og påverke livskvaliteten dramatisk . Dersom du har hatt krystallsyke ein gong, er ein noko meir utsett enn andre, men det kan gå år mellom kvar gong du har symptom. Det er ikkje mulig å førebygge nye anfall av krystallsyke, men det er under normale omstende heller ikkje mulig å framprovosere krystallsyke på ein frisk person med vilje. Så det viktigaste rådet til ein som har vorte kvitt krystallsyke, er å slutte å ta omsyn og raskast muleg leve normalt att.