Dagleg undersøker og behandlar vi seneirritasjonar og – skader ved Kiropraktorklinikken, og vi har lang og god erfaring med å stille diagnoser og behandle samt rehabilitere tendinopatiar / senelidingar. Vi nyttar mange ulike teknikkar, alt etter kva som vil vere mest hensiktsmessig for den enkelte skaden/tilstanden. Tørrnålbehandling, trykkbølgebehandling, fenestration og injeksjonsbehandling.
Senelidingar oppstår oftast i skulder, hofte, alboge, ankel og kne.
Førekomsten av delvis og komplette seneavrivingar aukar med alderen. Og det er overbelastning som er den mest vanlege årsaka til skaden eller plagene.
Glukokortikoidinjeksjonar eller ikkje-steroide antiinflammatoriske tablettar (NSAID), er ofte nemnt i norske medisinske lærebøker, og vår erfaring er at dette har vore mykje brukt.
Mange behandlingsformer er dårleg dokumentert og bør verte bytta ut med meir effektive. Vi veit at langvarig legemiddelbruk er assosiert med dårleg prognose ved skuldertendinose . Det er signifikant dårlegare langtidsresultat etter stereoidinjeksjonar enn etter andre behandlingsformer.Kortisoninjeksjonar virkar negativt inn på tilhelingsprosessen og sena si strekkstyrke.