Muskelubalanse

Muskelubalanse er ein svært vesentleg årsak til plagane og skadene pasientane oppsøker Kiropraktorklinikken med. Rørsle i menneskekroppen er gjensidig i natur; motståande muskelgrupper må koordinere for ordentleg rørsle. Muskellengde og -styrke mellom motståande muskelgrupper treng å vere i balanse for normal rørsle og funksjon.

Årsaka til muskelubalanse?

Det oppstår oftast som eit resultat av:

  • Dårleg haldning
  • Trening med dårleg teknikk
  • Ubalansert treningsprogram
  • Naturleg utvikling, kanskje grunna manglande fysisk aktivitet, aldring, eller etter skader
  • Jobbrelatert eller frå andre daglege gjeremål

Resultat av muskelubalanse?

  • Redusert rørsle og fleksibilitet
  • Smerte
  • Assymmetrisk rørsle og utsjånad

Muskelubalanse kan også resultere i ustabilitet. Dette kan føre til auka risiko for skader. Skader i:

  • Ledd
  • Leddband
  • Sener
  • Bein
  • Musklar
  • Bindevev

Korleis kan ordne ein muskelubalanse?

Alt i kroppen er samanhengande, so noko som påverkar ein del av kroppen vil i større eller mindre grad påverke alt anna. Det aller viktigaste for å kunne endre og fjerne ei muskelubalanse er å fnne den. Det er her kiropraktorane kjem inni bildet. Ved samtale, observasjon, og undersøking og kan vi finne årsaka/ene til ubalansen. Rett og effektiv behandling er vkitig for å oppnå optimal funksjon slik at kroppen er mottakeleg for rett aktivitet og spesifikk rehabilitering og trening.

Korrigere ubalansen med øvingar

Ubalansen kan ofte korrigerast med trening, men då trening av den rette muskulaturen, i rett rekkefylgje, og med perfekt teknikk.
Kombinasjonen av effektiv behandling og korrekt trening er nøkkelen til suksess !