Godt nytt: Kiropraktikken er fortsatt i Folketrygda!

Ap, Sp og SV snudde etter massivt press frå mange hald. Vi takkar fyrst og fremst foreninga vår, Norsk Kiropraktorforening som har stått på dag og natt sidan oktober. Dette er ein klar siger, men med bismak. Refusjonen regjeringa legg opp til, er berre ein symbolsk sum, og samhandlingstaksten kjem ikkje tilbake. Dette betyr at når kiropraktorar sender meldingar eller rapportar til fastlegen, får dei 0 kr, medan fastlegen får 123 kr for å svare. Dette svekkar samarbeidet innan primærhelsetenesta og går ut over pasientane.

Kampen er ikkje over – vi vil presse på for ei betre ordning, men vi har no i det minste eit forhandlingsrom.
På den positive sida: Pasientreiser består, så alle bør nytte retten til å sende inn rekning.

Ein stor takk til alle som har støtta oss, snakka varmt om faget vårt med politikarar og fagfolk, og sendt innspel til høyringa på Stortinget i januar. Det viser seg at det nyttar å stå på!