
Vi beklager kanselleringer!
Vi beklager at mange får meldingar om kansellerte timar dei to komande vekene. Kiropraktor Mara Frattasio måtte reise heim til Usa grunna sjukdom i familien. Derfor vert det dessverre vanskeleg å finne ledige timar.
Men Omikron herjar i Sogn så det er avbestillingar grunna det, derfor kan ein gå inn å sjekke på timebestillinga vår enten på nettsidene eller gjennom appen til Pasientsky.
KORONAVIRUSET – INFORMASJON OG KONKRETE TILTAK
Nye nasjonale retningslinjer frå 12.02.2022. Regjeringen fjernar alle føreskriftsfesta tiltak mot covid-19, inkludert krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sykdom. Alle vil verte godt ivaretekne hjå oss, også med tanke på smittevern i høve koronavirusutbrotet, dersom du er i risikogruppe, så gjer vel å be kiropraktorane om å bruke munnbind. Vi ste også pris på bruk av munnbind på venterommet om du har tørrhoste av ulik årsak, og at ein i fyrste omgang ikkje bør møte til konsultasjon om ein har øvre luftvegssymptom.
Har du spørsmål så ikkje nøl med å ta kontakt på e-post til post@kiropraktorenhjelperdeg.no, på messenger eller telefon: 57 67 50 55.
Unikt tilbod innan ultralydundersøking og injeksjonsbehandlingar
Ein ultralydundersøking er ein rask og smertefri undersøking som er svært pasientvenleg og utan stråling. Saman med ein god klinisk undersøking gjev den muligheit til å stille ei meir nøyaktig diagnose ved ein rekke tilstandar.
Vi utfører injeksjonsbehandlingar med hyaluronsyre og PRP / ACP-Tendo. Hyaluronsyra vert brukt for friksjonsfri rørsle av leddet og beskyttar mot slitasje. PRP vert brukt for behandling av kroniske smertetilstandar i ledd. Vi kan også nytte ACP-Tendo ved leddbandskade, seneskade og muskelskade.
Vi behandlar
Handtering av muskel- og skjelettplager
Når ein pasient oppsøker oss er jobben vår fyrst og fremst å utelukke andre tilstandar enn frå muskelskjelettsystemet og tilstandar som skal tilvisast vidare. Neste steg er å stille rett diagnose og vurdere rørsleapparatet for dysfunksjonar og behandle med effektive metodar. I nokre muskel- og skjelettilfelle, som ved ryggsmerter, er ofte diagnosen å kategorisere det som mekanisk og ukomplisert. Deretter behandlar vi, og effekten av behandlinga er ein del av den diagnostiske prosessen.
Kiropraktorklinikken i Sogndal har vore leiande innan feltet i to tiår. Erfaringa vår og vår uttrøyttelege innsats mot livslang læring, er det som held oss i forkant, og er grunnen til at pasientar vel å oppsøke oss.