Kiropraktorklinikken i Sogndal

Vi benyttar PatientSky

Vi brukar Pasientsky som journalsystem, og gjennom appen
Patientsky
kan du bestille og avbestille timar og sende meldingar direkte til kiropraktoren din. Du kan fortsatt bestille timar her.

God kapasitet

Vi er no tre kiropraktorar i klinikken og har god kapasitet. Om du likevel ikkje skulle finne ledig time og du har eitt akutt problem, ikkje nøl med å ringe oss på 57 67 50 55 eller send oss ein epost.

Ny kiropraktor i turnus – Eirik Stedje

Kiropraktor Eirik Stedje starta på turnustenesta si hjå oss i juli og vert til oktober 2026. Eirik er Sogndalsgut så han er nok eit kjent fjes for fleire. Han er tidlegare Fjøraspelar og spelte også fotball for Odense ballklubb då han studerte i Danmark og er fortsatt svært fysisk aktiv.

Eirik har ein cand.manu tittel, ei mastergrad i kiropraktikk frå Syddansk Universitet. Kiropraktorstudentene i Odense går dei tre fyrste åra, bachelordelen av studiet, saman med medisinstudentane, med dei same grunnfaga. Eirik tek i mot alle typar kasustikkar, og vert tett oppfylgd av dei etablerte kiropraktorane, då turnusåret er ein viktig del opplæringa som fører til autorisasjon som kiropraktor.

Unikt tilbod innan ultralydundersøking og injeksjonsbehandlingar

Ein ultralydundersøking er ein rask og smertefri undersøking som er svært pasientvenleg og utan stråling. Saman med ein god klinisk undersøking gjev den muligheit til å stille ei meir nøyaktig diagnose ved ein rekke tilstandar.

Vi utfører injeksjonsbehandlingar med hyaluronsyre og PRP / ACP-Tendo. Hyaluronsyra vert brukt for friksjonsfri rørsle av leddet og beskyttar mot slitasje. PRP vert brukt for behandling av kroniske smertetilstandar i ledd. Vi kan også nytte ACP-Tendo ved leddbandskade, seneskade og muskelskade.

Vi ynskjer å vere dei beste klinikarane i vårt fagfelt og jobben med å vere dei best førebudde tek vi på alvor

Våre behandlingsmetodar er trygge og velprøvde for å gje deg eit friskare og meir aktivt liv

Handtering av muskel- og skjelettplager

Når ein pasient oppsøker oss er jobben vår fyrst og fremst å utelukke andre tilstandar enn frå muskelskjelettsystemet og tilstandar som skal tilvisast vidare. Neste steg er å stille rett diagnose og vurdere rørsleapparatet for dysfunksjonar og behandle med effektive metodar. I nokre muskel- og skjelettilfelle, som ved ryggsmerter, er ofte diagnosen å kategorisere det som mekanisk og ukomplisert. Deretter behandlar vi, og effekten av behandlinga er ein del av den diagnostiske prosessen.

Kiropraktorklinikken i Sogndal har vore leiande innan feltet i to tiår. Erfaringa vår og vår uttrøyttelege innsats mot livslang læring, er det som held oss i forkant, og er grunnen til at pasientar vel å oppsøke oss.

Tilbakemeldingar på arbeidet vårt

Eg er godt nøgd med Kiropraktorklinikken i Sogndal. Ein ting er at me har ein slik klinikk i Indre Sogn, og slepp reisa lange avstandar for kiropraktorbehandling. Men eg er også svært nøgd med kiropraktorane som arbeider der. Dei gjer ein samvitsfull og god jobb med pasientane, føl dei godt opp, og sender dei vidare til undersøkjing om det er naudsynt. Som tidlegare kommunelege, og i seinare år bedriftslege, har det vore fint å kunna tilvisa pasientar til Kiropraktorklinikken i Sogndal.

Kaupanger fotball sitt damelag har i fleire år hatt eit godt samarbeid med Kiropraktorklinikken, som eit tillegg til fysioterapi. Dette samarbeidet har vore viktig i oppfølginga av enkelte av våre spelarar. Dei tilsette i Kiropraktorklinikken har høg kompetanse og viser ei brennande interesse for fotball. Spelarane opplever at dei får rask og god oppfølging, og at dei vert tilvist vidare dersom det er behov. I tillegg har Kiropraktorklinikken utstyr for ultralyddiagnostikk og nyttar fleire typar behandling, noko som gjer at behandlingstida ofte verte redusert.

Veldig godt nøgd med både Jannike og Mara. Har hatt plantar fascitt i 6 mnd, og det var trykkbølgebehandling hos Jannike som gjorde susen! Eg merka betring etter fire behandlingar, og det var himmelrike for meg å endeleg kunne gå på foten igjen! Fascinerande å sjå kva kiropraktorane kan, og kva som skal til å «fikse» deg. Utruleg flinke! Litt venting på venterommet må ein tåle, for resultatet blir bra!

Profesjonell behandling og støtte frå Kiropraktorklinikken i Sogndal har vore grunnleggjande for friidrettskarrieren mi. Eg har fått kontinuerleg oppfølging og akutthjelp. Samarbeidet har resultert i mange gode prestasjonar og over 15 NM medaljar.

Ei stor takk!

Eg har opp igjennom åra hatt meget god effekt av behandlingen eg har fått hjå Kiropraktorklinikken i Sogndal. Dei har behandla vond korsrygg, stramme setemusklar, stiv nakke og vonde skulderblad, tennisalboge, hoftesmerter samt konstatert ein skade i eit kragebein ved hjelp av ultralyd. Dei finn alltid dei vonde punkta og behandlar deretter. Nålebehandling gir svært god effekt. Kiropraktorane har også behandla begge mine ungar ved ca 3 mnd alder grunna at babyen var mykje urolig og skreik mykje. God effekt av dette og. Anbefalar alle å oppsøke denne klinikken ved muskel og skjelettplagar!

Aktuelt